På 27. året på rad nøyt mellom 1200-1500 i maivarmen under Open Gard på Tveit på sundag 27. mai. Arrangementet var nesten først i landet, men ble slått på målstreken av Nærøy Bondelag. Tveit får trøyste seg med at dei var først ute i Rogaland.

På den Opne Garden vart det duka for aktivitetar for både store og små, med blant anna snekring av fuglekassar, framvising av dyr og servering av grillmat og avkjølande is. Arrangementet på Tveit er eit samarbeid mellom Tveit vidaregåande skule, Tysvær Bondelag, Tysvær Bygdekvinnelag, og landbruksorganisasjonane på Haugalandet, og har i løpet av dei siste 27 åra blitt ein populær og innarbeida tradisjon i Tysvær.