Åpen Gård med Gjesdal og Bjerkreim Bondelag
Gjesdal og Bjerkreim Bondelag inviterte 23 august til åpen gard på Søya Gard hos Magnus og Anne Karin Søyland. Dette vart ein svært velukka arrangement med svært mange besøkende ( 600). Vi hadde med oss mange gode hjelpere, der Bygdekvinnelaga i dei to kommunene tok seg av maten, Gjesdal BU laga natursti, Historielaget i Gjesdal fortalte om reiskaper frå gamledager og synte separering av mjølk.
Tekst: Marit Epletveit, leder i Gjesdal Bondelag.
4H frå begge kommunene viste fram sine oppgåver og laga til fleire kjekke aktiviteter for barna.
Det mest populære var kanskje KUbussen. Dette var ein traktor med transportvogn som tok gjesten med ut i beite på garden. Her var det mulighet til å prøve seg på fiske og kanopadling, eller ein kunne gå opp til grillhytta der ein vart tatt imot av dyktige historieforteljere som fortalte frå landbruket før samstundes som ein kunne nyte den fantastiske utsikten som er der.
Vi hadde og vising av hesjing, klipping av sau, partering av sau og kalveveddeløp, her var det Egil Svela som var konferansier og det vart veldig bra.
Nyklekkte kyllinger og små kaniner var og eit populært innslag for dei små.
Tusen takk til alle som deltok enten på dugnad eller som gjest og gjorde dette til ein knallkjekk dag.