God lammegryte, dessert og kake stod på menyen. Laget vart starta same år som 1. verdskrigen enda, og kan vise til stor aktivitet dei fleste av desse åra. 

Leiar Johannes Vestbø leia festen. Torgeir Øverland viste gamle og nye bilete frå bygda og aktiviteten i laget. Det var kåseri og helsingar. Laget har tradisjon med å heidre personar som har vore medlem i 50 år. Dette året var det seks personar som fekk denne utmerkinga. Rogaland bondelag gratulerer!