Landbrukskonferansen 2023
Bli med på årets Landbrukskonferanse måndag 20. mars. Her får du fagleg påfyll, og kan møte både kjenningar og nye folk. Tema for dagen blir " Mat må me ha- bonden, jorda og naturen i samspel".
Bonden, jorda og naturen er dei viktigaste føresetnadane for matproduksjonen. Er det slik at vi tek desse for gitt og er det grunnar til uro? Blir teknologien den viktigaste drivaren i åra som kjem, eller bør vi i større grad leggja vekt på dei sosiale tilhøva og samspelet med naturen? Kva vil bøndene sjølve velja framover? Årets landbrukskonferanse vil gjera deg litt klokare, velkomen!
Mat må me ha – bonden, jorda og naturen i samspel
Konferanseleiar; Bothild Åslaugsdotter Nordsletten (dagleg leiar og redaktør i Bondevennen)
08.30 | Registrering og servering av kaffi mm. |
09.00 | Velkomen ved Ståle Hustoft, jordbrukar frå Nedstrand |
Miljømessig berekraft - Naturvern og jordvern
09.15 | Landbruket må ta omsyn til naturen. Liv Guri Velle, forskingsleiar i Møreforsking |
10.00 | Kampen om jorda – kommunane sitt handlingsrom til å tilbakeføre utbyggingsområde til jordbruksformål. Nikolai K. Winge, dagleg leiar i Holth & Winge |
10.30 | Ordførarar kommenterer, Sigmund Lier frå Tysvær kommune og Odd Stangeland frå Eigersund kommune |
10.50 | Pause |
Økonomisk og sosial berekraft - Fleire bein å stå på
11.10 | God inntening på vidareforedling av skogressursane i kombinasjon med mjølkeproduksjon. Kjetil Skartland, bonde og skogeigar |
11.35 | Inn på tunet – garden som arena for demensomsorg. Marit og Arthur Salte frå Torvholen Gard |
Time kommune sine erfaringar med Inn på tunet og korleis garden kan bidra til kommunal oppgåveløysing. Andreas Vollsund, ordførar i Time kommune | |
12.00 | Lunsj med lokalmat og drikke frå Rogaland |
13.00 | Utdeling av Heidersprisen for landbruket i Rogaland ved Geir Skadberg, styreleiar i Rogaland landbruksselskap |
13.15 | Teknologi, kunstig intelligens og robotisering i drivhus. Atle Rettedal, CEO og gründer av Trolltunga Robotics AS |
13.35 | Rogalandsbonden må ta mange val nå om dagen - skal, skal ikkje om vegval, økonomi/lønsemd. Bjarne Holm, direktør i Norsk Landbruksrådgiving |
14.15 | Pause |
14.35 | Om lag kvar tredje mjølkeprodusent i Rogaland vil slutta med mjølk innan 15 år. Kommentarar frå TINE og Q-meieriet |
14.50 | Bonde i medgang og motgang, korleis unngå psykiske utfordringar. Halle Arnes, fagkoordinator HMS i Norsk Landbruksrådgiving |
15.20 | Kort oppsummering av dagen v/konferanseleiar |
15.30 | Takk for i dag. Vel heim! |
Påmelding
Meld deg på ved å klikke på linken under. Frist for påmelding er 3.mars, og påmeldinga er bindande. Konferansen kostar 950 kr per deltakar.
https://www.deltager.no/statsforvalteren/event/landbrukskonferansen_2023
Konferansen er på IMI Forum i Stavanger. Næraste buss-stopp er IMI- Kirken busstopp som ligg 2 min gange frå IMI Forum. Dersom du må parkere, er det mogleg på P-forum Tjensvoll. Her er det mogleg å lade el-bil.