Målet med samlinga er å bygge nettverk både for unge etablerte bønder og for dei som er på veg inn i næringa, i kombinasjon med formidling av nyttig kunnskap om næringa og det å vera bonde.

Kostnader:

Deltaking er gratis om du er medlem i minst ein av dei organisasjonane som er arrangørar. Ektefelle/sambuar er velkomen.

Påmelding:

Påmelding med opplysningar om navn, e-postadr og mobilnr innan fredag 19. januar 2018 til more.romsdal@bondelaget.no - tlf 41 41 88 71.

Meld frå om stad for påstigning ved påmelding.

Program: (i PDF – klikk her)

Fredag 2. februar:

10.00:   Frammøte og parkering, Felleskjøpet Agri, Molde.

10.30:   Bussavgang Felleskjøpet Agri.

10.45:   Ferje frå Molde.

11.25:   Buss avgang Vestnes ferjekai.

11.50:   Enkel lunsj, Systra kafe, Sjøholt.

13.00:   Avreise Sjøholt.

Gardsbesøk/befaringar:

Ørskog samdrift, v/Eli Sjåstad: Eli er driftsleiar i samdrifta og har erfaringar og synspunkt knytt til gardsdrift, mosjonskrav/dyrevelferd, landbrukspolitikk og sosiale forhold i landbruket.

Johan Øvrebust, Stordal: Johan driv med sau, har nyare fjøs med plass til 300 dyr. I tillegg til at han også driv med fjordfe.

15.30:   Ferje Liabygda – Stranda.

16.00:   Ankomst Stranda Hotel. Enkel servering.

16.30:   Samling, presentasjon, orientering.

17.00:  «Frå toppfotball til geit og turisme» v/bonde Petter Melchior, Norddal. Petter bur i bygda Norddal, inst i Storfjorden. Han har fortid som ein særs aktiv fotballspelar og driv i dag med geit og turisme, samt at han er styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag.

18.15:   Avreise med buss til Strandafjellet. Fjord Gondol – Fjord Panorama Restaurant, 1.042 moh.

Ca 19.00: Middag. Lokal buffet i samarbeid med Nortura.

Lørdag 3.februar:

07.30:   Frukost.

08.30:   «Landbrukssamvirket i ei ny tid». Presentasjonar v/

Arild Grimeland eller Bastian Weiberg – Aurdal, Nortura.

Jenny Helen Velle, fagrådgjevar TINE Rådgjeving Møre og Romsdal.

Dag Arne Helle, regionsjef Felleskjøpet Agri.

10.00:   Avreise frå hotellet.

Gardsbesøk/befaringar, Sykkylven:

Kjell Perry Drotninghaug, Velledalen: Kjell Perry driv økologisk og har lausdriftsfjøs frå slutten av 80-talet. Han driv med Vestlandsk fjordfe, har stølsdrift og har prøvd seg både på vidareforedling og lokalt sal.

Bastian Weiberg – Aurdal, Velledalen: Bastian har bygd nytt fjøs i massivtre, driv med mjølkeproduksjon og har arbeid i Felleskjøpet Agri.

12.45:   Enkel lunsj, Berlihuset, Sykkylven.

13.45:   Avreise.

14.10:   Ferje frå Sykkylven.

14.30:   Buss avgang Magerholm.

15.05:   Buss avgang Sjøholt

15.45:   Ferje avgang Vestnes.

16.30:   Buss ank Felleskjøpet Agri, Molde.

 

Siste det vart halde Unge Bønder-samling i Møre og Romsdal, var i januar 2016 med over 40 deltakarar. Klikk her for å sjå omtale og bileter fra samlinga i Averøy/Molde