Meir tull om tall frå Dale

Publisert 23.04.2018
  • Tips en venn om denne siden

Fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen, skriv i eit lesarinnlegg at vi ikkje må drive ein politikk som byggjer opp dei satsingsvillige for deretter å rive dei ned med overproduksjon og prisfall etter investering.

Lesarinnlegget står på trykk i Sunnmørsposten 23. april og har slik ordlyd:

Meir tull om tall frå Dale

Landbruks og matminister Jon Georg Dale gjorde i vinter eit poeng av at han aldri hadde vore kvalifisert for jobbane han har hatt. Dette var meint som eit innlegg til støtte for yrkesutdanningane og for å syne at ein kan vere ein viktig bidragsytar til samfunnet utan bachelor- eller mastergrad. Så langt er det lett å vere samd med Dale. Det er derimot visse oppgåver som set krav til kunnskap som ein normalt ikkje lærer før på utdanningsnivå utover grunnskulen. Statistikk og tolkning av større talmateriale er eit døme. Feiltolkning og misbruk bekrefter påstanden om at det finst løgn, grov løgn og statistikk. Riktig brukt og tolka kan statistikk og samanstilling av talmengder gi god retning for vegen vidare.

Som statsråd har Dale gong på gong synt manglande evne til god tolkning av talmengder. No sist i ein NTB-artikkel trykt i fleire aviser. Han brukar sauenæringa som døme og syner til at på tross av auke i tilskota til sauebøndene har inntektene gått ned. Det syner at vi må redusere tilskota, hevdar Dale. Det blir ein enkel konklusjon på ei komplisert utvikling som har gått i fleire år og er påverka av fleire ting. Det er logisk at sterk stimulans til auka volum gir auka volum, og at volumauke utover etterspurnaden gir redusert pris. Logikk er kanskje heller ikkje tema på grunnskulen?

Ei vesentleg endring i landbrukspolitikken kom i jordbruksoppgjeret i 2014 då Dales forgjengar Sylvi Listhaug gjekk så hardt ut at det vart brot i forhandlingane. Såpass dårleg var statens tilbod til bøndene at regjeringspartia og støttepartia V og KrF i fellesskap endra på tilbodet og vedtok eit jordbruksoppgjer som på tross av store justeringar på Listhaugs tilbod likevel vart eit paradigmeskifte. Tilskot vart flata ut, meir vart retta inn mot volumdrivande tilskot. Kvoteavgrensningar og konsesjonsgrenser vart heva. Kort sagt vart politikken at det skulle løne seg å drive stort, og lønsemda i å drive små gardar gjekk ned. Men stimulansen vart for sterk. Det var trong både for inntektsauke og for meir sauekjøt, men ein gjekk for langt i rein volumstimulans.

I ettertid ser fleire i både V og KrF at dei gjekk vel langt den gongen. I alle fall er det klart at dei endringane som vart gjort då saman med regjeringas nye avtalar med EU om auka importkvotar har bidrege til at vi i dag har overproduksjon for fårekjøt, svinekjøt, egg, mjølk og kylling.

Sauebøndene tente godt på å auke sin produksjon dei første to åra etter 2014, men bøndene er dyktige til å tilpasse seg endra ramevilkår og når dei fleste auka litt på dyretalet og fora lamma sterkare og nokre bygde nye store fjøs og auka produksjonen mykje, ja så vart det overproduksjon og korkje næringa sjøl eller myndigheitene reagerte raskt nok på dette. Prisane gjekk raskt og mykje ned og dei som har auka produksjonen og tilpassa seg tapar meir på låg pris enn dei har tent på auka tilskot. Dei som har investert og sett seg i gjeld i tillit til at dei styrande i næringa og i politikken har kontroll og oversikt blir no skvisa hardast.

Er dette ein villa politikk Dale? Er målet for landbrukspolitikken å stimulere bøndene til å ta fart og springe utfor stupet? Skal auka stimulans til volumeffektivitet få lov til å bli den rette vegen framover eller skal den norske landbruksmodellen få ein renessanse også i Frp? Når skal Dale ta innover seg sine eigne og forgjengarens feilsteg og innsjå at Stortingets mål om landbruk over heile landet, auka produksjon på norske ressursar og inntektsutvikling minst på linje med andre grupper ikkje blir nådd med den politikken han vil føre.

I Møre og Romsdal er det no berre 759 mjølkebruk. I 2001 var det nøyaktig 2000 mjølkebruk. Det er 14 av fylkets kommunar som har færre enn 10 mjølkebruk att. I 7 av kommunane har gjennomsnittsfjøset fortsatt under 20 kyr. Veksten i storfekjøtproduksjonen skjer i dei sentrale flatbygdsdistrikta og ikkje i dei reine grasområda med små fjøs og jordlappar langs fjordane på Vestlandet. Jordbruket i fylket er ikkje tilpassa politikken Dale vil ha, og kan heller ikkje bli det. Han hevdar at han tek vare på distriktsjordbruket ved at han ikkje har redusert distriktstilskota. Det er ikkje nok. Ein må også forsterke satsinga på fortsatt drift på brukstorleikar under gjennomsnittet. Desse driv areal som dei store ikkje vil eller kan drive fordi dei er tungvinte eller ligg langt unna. Ein inntektsbase, både for store og små bruk må liggje i arbeidet med stell av kulturlandskapet og fortsett satsing på god dyrevelferd, mattryggleik og ikkje minst beredskapstankegang som legg opp til at mest mogleg av vår begrensa jordressurs skal haldast i hevd.

Vi må ikkje drive ein politikk som byggjer opp dei satsingsvillige for deretter å rive dei ned med overproduksjon og prisfall etter investering.

Oddvar Mikkelsen, Fylkesleiar Møre og Romsdal Bondelag

- Bøndene står ikke med lua i handa

- Bøndene står ikke med lua i handa, skriver fylkesleder i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen i et leserinnlegg som sto på trykk i Nationen i går.

- Ein siger for fornuften

- Fem års vaksenopplæring gir omsider frukter i praktisk politikk, seier fylkesleiar Oddvar Mikkelsen i Møre og Romsdal Bondelag om jordbruksavtalen som vart underteikna 16. mai.

-Tar ikke utfordringene på alvor

- Regjeringa har lagt fram et svakt tilbud. De tar ikke utfordringene i norsk landbruk på alvor, sier leder i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen.

Før jordbruksforhandlingane….

- Eg vil forberede meg sjølv og alle andre ved å liste opp ulike bortforklaringar om bønder si inntekt, brukt av den blåblå regjeringa, skriv nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Gunnhild Overvoll, i eit lesarinnlegg.

I bokseringen med landbruksminister Dale

- Det er mildt sagt et slag under beltestedet når landbruksminister Dale hevder «tilskudd har ført til lavere inntekt hos bonden», skriver styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag, Marte Halvorsen, Halsa, i et leserinnlegg.

Oddvar Mikkelsen

Oppfyller ikkje måla i landbruksmeldinga

Bondeorganisasjonane braut i mai årets jordbruksforhandlingar fordi statens tilbod ikkje ga rom for dei nødvendige satsingane som må til for å sikre rekruttering til næringa og for å oppfylle måla i den nye stortingsmeldinga om jordbruket. Sjølv om landbruket 26. juni vart einige med staten om ei fordeling av midlane i tråd med føringane frå Stortinget, er det ikkje i år inngått ei ordinær jordbruksavtale med staten.

Oddvar Mikkelsen

Ingen satsing på landbruket!

- Regjeringa viser ingen vilje til å satse på landbruket, og følger ikke opp Stortingets landbrukspolitikk. Vi kan ikke skrive under på en avtale som svekker norsk matproduksjon, sier leder i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen.

Vestlandsbonden prioritert i jordbrukskrava

(NRK MØRE OG ROMSDAL): – Jeg syns det er et godt krav fra bondeorganisasjonene, sier fylkesleder i Bondelaget, Oddvar Mikkelsen. Vi er ei lavinntektsgruppe, så at vi stiller et relativt høyt krav er bare rimelig og på sin plass. Kravet er godt tilpassa Møre og Romsdal.

Oddvar Mikkelsen

Vestlandet er ikkje skapt for Dales landbrukspolitikk!

Kvifor støttar ikkje Sunnmørsposten ein politikk som er til gagn for næringslivet i eigen region? Det spør leiar i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen, i eit lesarinnlegg og tilsvar til avisa sin leiarartikkel 8. april.

Prioriter små og mellomstore bruk

Melk på små og mellomstore bruk, og storfekjøttproduksjon utenfor kornområdene, er styret i Møre og Romsdal Bondelags prioriterte hovedsatsingsområder som de har sendt inn i sitt innspill til Norges Bondelag før årets jordbruksforhandlinger.

KrF og V med sterk støtte til landbruket

Steinar Reiten (KrF) kunne garantere at jordbruksmeldinga ikke er til å kjenne igjen når den behandles i Stortinget. Pål Farstad (V) mente konklusjonene i jordbruksmeldinga ikke henger på greip, og den vil garantert ikke se slik ut når Venstre har sagt sitt.

Dette skjer i Møre og Romsdal Bondelag

Onsdag
26
September

Styremøte M&R Bondelag

Torsdag
04
Oktober

Styretur M&R Bondelag

Onsdag
21
November

Tema- og skattekurs for regnskapskontor

Kristiansund

Våre samarbeidspartnere