Må gjere det lønsamt å bruke lokalprodusert fôr

Publisert 28.01.2015
  • Tips en venn om denne siden

Politikarane i fylkesutvalet seier i uttalen til årets jordbruksoppgjør at for å få til at matproduksjonen i Norge skal aukast for å halde tritt med folketalsveksten, må ein utnytte arealressursane i heile landet. Landbrukspolitikken må difor tilpassast regionale tilhøve, og gjere det lønsamt å bruke lokalprodusert fôr framfor importerte fôrråvarer.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal består av frå venstre: Torleiv Rogne (Sml), Oddbjørn Vatne (Sp), Frank Sve (Frp), Torgeir Dahl (H), fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V), Iver Nordseth (V), fylkesordførar Jon Aasen (Ap), Toril Melheim Strand (Ap), Margareth Hoff Berg (Frp), Anne Dyb Liaaen (H), Toril Røsand (H), Steinar Reiten (KrF) og Randi Asbjørnsen (Sml). (Foto: M&R fylkeskommune).Fylkesutvalget i Møre og Romsdal handsama 26. januar fylkeskommunen sine innspel til jordbruksforhandlingane 2015.

Uttalen som vart vedteke er:

1. Det må vere eit mål for jordbruksforhandlingane i 2015 og komande år at den kronemessige inntektsutviklinga i landbruket skal redusere gapet i forhold til andre næringar og inntektsgrupper.

2.  Landbruksmeldinga (Meld. St 9 2011-2012) seier at matproduksjonen i Norge må aukast for å halde tritt med folketalsveksten. For å få det til må ein utnytte arealressursane i heile landet. Landbrukspolitikken må difor tilpassast regionale tilhøve, og gjere det lønsamt å bruke lokalprodusert fôr framfor importerte fôrråvarer. Det er derfor viktig at også mindre brukseiningar blir gitt god prioritet i dei komande forhandlingane.

3.  Forvaltninga av jordareal i marginale strøk er krevjande. Det bør derfor leggjast til rette for kombinasjonsbruk jordbruk – reiseliv i slike område.

4.  Støtte til investeringar må gjere det mogleg å ta i bruk framtidsretta teknologi også på mindre bruk. Klima og topografi på vestlandet set grenser for effektivisering av fôrdyrkinga. Skal vi utnytte ressursane optimalt til matproduksjon trengs det difor ein variert bruksstorleik.

5.  Forsking og tiltak som kan minske tap av beitedyr i utmarka må styrkast. Rovviltforliket må oppfyllast og rovviltbestandane må ikkje få lov til å vekse utover det målet Stortinget har sett. Rimeleg og miljøvenleg fôr frå utmarka er eit konkurransefortrinn som bør utnyttast betre enn i dag.

6.  Kanaliseringspolitikken må oppretthaldast. For å unngå sentralisering av produksjonen må omsetjing av mjølkekvoter skje innanfor geografiske område med like produksjonsvilkår.

 

Handsaming i fylkesutvalet

Uttalen frå fylkesutvalet var ikkje samrøystes på alle punkt.

Punkt 1 i uttalen var tilleggsforslag framsett i møtet frå Steinar Reiten (KrF) og vart vedteke med 8 røyster (KrF, AP, V, 1FrP, SP og Uavh). Mindretalet på 5 (Høgre, 1Frp og Sunnmørslista/Tverrpolitisk) røysta imot punkt 1 i uttalen med denne ordlyden frå Steinar Reiten: «Det må vere eit mål for jordbruksforhandlingane i 2015 og komande år at den kronemessige inntektsutviklinga i landbruket skal redusere gapet i forhold til andre næringar og inntektsgrupper.»

Punkt 6 i uttalen frå fylkesutvalet vart vedteke med 11 mot 2 røyster. Frp sine to representantar stemte imot ordlyden om kanaliseringspolitikken.

Iver Nordseth (V) og Gunn Berit Gjerde (V) fekk i møtet vedteke samrøystes to endringar/tillegg: ” Det er derfor viktig at også mindre brukseiningar blir gitt god prioritet i dei komande forhandlingane” og ”Forvaltninga av jordareal i marginale strøk er krevjande. Det bør derfor leggjast til rette for kombinasjonsbruk jordbruk – reiseliv i slike område”.

Toril Melheim Strand (Ap) fekk samrøystes vedteke punkt fem i uttalen: «Forsking og tiltak som kan minske tap av beitedyr i utmarka må styrkast. Rovviltforliket må oppfyllast og rovviltbestandane må ikkje få lov til å vekse utover det målet Stortinget har sett. Rimeleg og miljøvenleg fôr frå utmarka er eit konkurransefortrinn som bør utnyttast betre enn i dag.» Denne ordlyden erstatta fylkesrådmannens punkt tre i tilrådinga.

Fleirtalet røysta imot Torleiv Rogne (Uavh) sitt forslag om nytt punkt i uttalen: «Auke tilskot til sosiale tiltak som ferie og fritid.»  Mindretalet på 6 medlemmer (Uavh, V, Sp, 1AP og Krf) støttet Rogne sitt forslag.

 

Fylkesrådmannen si utgreiing

Fylkesrådmann Ottar Brage GuttelvikHer er fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik (biletet) si saksutgreiing om uttalen til jordbruksforhandlingane:

Bakgrunn

Ein stor del av grunnlaget og virkemidlane for landbruks- og matpolitikken vert utforma i den årlege jordbruksavtalen. Landbruks- og matdepartementet har i brev av 1. oktober 2014 invitert fylkeskommunane til å kome med innspel til jordbruksforhandlingane 2015.

I Landbruksmeldinga for Møre og Romsdal, vedtatt av Fylkestinget 11. desember 2012, er det formulert følgjande hovudmål: “Møre og Romsdal skal ha eit berekraftig og synleg landbruk over heile fylket”. Fylkeskommunen sine innspel til jordbruksforhandlingane bør følgje opp dette vedtekne målet.

Bøndene i Møre og Romsdal har i stor grad dei same rammevilkåra, både klimatisk, topografisk og økonomisk, som sine yrkesbrør i dei andre vestlandsfylka. I dette saksframlegget er difor Vestlandsrådet si sak om jordbruket på Vestlandet, frå møte 27. november 2014, brukt som grunnlag.

Vurdering

Vestlandsbonden er tilpassingsdyktig. Dei siste tiåra er det knapt ei einaste næring som kan vise til større produktivitetsvekst og omstillingsevne enn landbruket. Likevel slit næringa med å halde oppe konkurransekrafta mot andre sektorar. Totalproduksjonen går ned, god matjord går ut av drift, og på mange gardsbruk er generasjonsskiftet eit kritisk punkt. Desse utviklingstrekka er endå tydlegare på delar av vestlandet enn for heile landet. Det er også ein del av totalbiletet at landbruket ved årtusenskiftet stod for 2,6 prosent av utgiftene på statsbudsjettet, no er det like over 1 prosent som går til landbruk.

Jordbruket på Vestlandet er ein viktig del av norsk landbruk Husdyrproduksjonar basert på grovfòr er ryggrada i jordbruket, og vestlandsfylka står for 40 prosent av mjølkeproduksjonen og 45 prosent av sauehaldet i Norge. Ved årtusenskiftet var det rundt 8400 aktive mjølkeproduksjonsbruk i vest. No er det færre enn 3700 att. Denne utviklinga heng tett saman med betydeleg vekst i olje- og gassrelatert næringsliv. Kostnadspresset i økonomien fortrengjer produksjon i andre næringar, og landbruket på vestlandet har fått føle dette enda sterkare enn andre. Det er ingen teikn til at utviklinga har stoppa opp.

Dei fire overordna måla for norsk landbrukspolitikk er god mattryggleik, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og miljørett og berekraftig produksjon. Det skal leggast til rette for ein variert bruksstruktur over heile landet, og det skal leggast vekt på bruk av nasjonale ressursar som grovfòr og beite (Meld. St. 9 2011-2012). Regjeringa har ikkje gitt signal om at ambisjonane er endra, og desse måla gir fortsatt styringssignal.

Mjølkeproduksjonen står for meir enn halvparten av verdiskapinga. Det er derfor særleg interessant å sjå på utviklingstrekka for mjølkeproduksjon på vestlandet opp mot nasjonale politiske ambisjonar.

Bedriftsøkonomien på det enkelte bruket er naturlegvis den viktigaste drivaren. På syttitalet var 6000 kg mjølk per ku i året ein respektabel produksjon. No er gjennomsnittet nær 8000 kg, og utviklinga går fort mot 9500 kg. Høgtytande kyr krev konsentrert fôr, og lokalt grovfòr blir erstatta med importert kraftfòr. Det importerte fôret er i all hovudsak soya og mais, og blir henta frå Sør- og Nord-Amerika. For bonden er dette isolert sett lønsamt, men utviklinga står i direkte motsetnad til ambisjonen om landbruk over heile landet, og å bruke nasjonale ressursar. Konsekvensen av at gjennomsnittskua mjølkar meir, er kort sagt at lokale ressursar blir erstatta med søramerikansk industrijordbruk.

Ikkje alltid at stordrift er løysinga. Praktisk talt alle som investerer i mjølkeproduksjon satsar på robotmjølking. Roboten har kapasitet på 50 – 60 kyr, og teknologien gir i stor grad premissar for utviklinga. Kostnadane for kvar produsert liter blir mindre på store prosjekt, og når marginane er små blir dette ofte utslagsgivande. Økonomirådgjevarr i TINE konkluderer med at rammevilkåra ikkje opnar for investeringsprosjekt med færre enn 35 kyr. Problemet er at gardsbruka på vestlandet er små, og berre unntaksvis kan gi grunnlag for buskapar på 40 - 50 kyr. Dei som satsar på større volum, er med få unnatak avhengig av å leige jord, og å transportere fòr og gjødsel over store avstandar. Utbyggingsbruka på vestlandet har i gjennomsnitt 60-70 prosent leigd jord.

Framtida for landbruket er avhengig av at bonden finn det rekningssvarande å investere. Mjølkeproduksjonen er langsiktig og kapitalintensiv, og vestlandsbonden må få finansieringsmuligheiter til å utvikle garden med utgangspunkt i det lokale ressursgrunnlaget. Dersom det ikkje skjer, vil avstanden mellom politiske ambisjonar og den faktiske utviklinga bli større og større.

Rammevilkåra legg til rette for sterk strukturendring. Mjølkeproduksjonen på vestlandet - som er karakterisert av små eigedomar og utfordrande topografi - vil møte betydelige utfordringar det neste tiåret. Vestlandsjordbruket er på sikt avhengig av at kanaliseringspolitikken blir ført vidare, og at mjølkekvotane blir omsett innanfor geografiske område med stort sett like utfordringar. Alternativet er at mjølkeproduksjonen på vestlandet meir eller mindre blir borte fram mot 2024.

Vestlandsfylka har rundt halvparten av småfehaldet i landet. Ein stor del av verdiskapinga blir henta frå ressursar i utmarka, og sauen gjer ein kjempejobb for å halde landskapet ope. For sauebøndene, som for heile jordbruket, er det inntektsmuligheitene som driv utviklinga. Bøndene må ha god nok økonomi til at dei kan handle langsiktig og finne det økonomisk forsvarleg å investere i garden.

For mange sauebønder er beitetapa utfordrande. Marginane er små, og store tap på beite slår direkte ut på botnlinja. Tapsårsakene er fleire og samansette, men både rovvilt (hovudsakleg jerv), og sjukdom (flåttbåren sjukdom og alveld) er viktig.

Store tap av dyr på beite set både økonomiske, etiske og miljømessige problemstillingar på dagsorden. Ein ting er dyrevelferden, ein annan ting er bruken av fôrressursane i utmarka. Igjen kan vi risikere at ein stadig større del av den norske maten må produserast med fôr innkjøpt på verdsmarknaden, mens miljøvenlege ressursar i den norske utmarka står ubrukt.

Nærøyfjorden og Geiranger er mellom fyrtårna i norsk reiseliv. Landbruket i desse fjordlandskapa er naturlegvis ikkje typiske for vestlandsjordbruket, men det er ein god illustrasjon på koplinga mellom landbruk, kulturlandskap og reiseliv. Dei siste åra har det kome fram mange føretak som lagar kvalitetsprodukt basert på lokale råvarer og lokale tradisjonar. Desse bedriftene har medverka til fornya merksemd kring identitet og tradisjon, og har gitt reiselivsnæringa eit nytt bein. Velstelte bygder, lokal mat og reiselivet heng saman, men det er viktig å ikkje gløyme at det er det tradisjonelle landbruket som må ligge i botnen. Delar av landbruket treng reiselivet, men reiselivsnæringa treng landbruket endå meir.

Vestlandsbonden er offensiv og tilpasningsdyktig. Dette saksframlegget har fokus på grovfòrbaserte produksjonar, men det er berre delar av biletet. Jordbruket er allsidig, med nasjonalt leiande miljø på fleire område. Rogaland er heilt fremst på kraftforkrevjande dyrehald og på veksthusproduksjonar. Vestlandsfylka har sterke næringsklynger på frukt og bær, og foredlingsindustrien produserer kjende merkevarer. Vestlandsbonden kjem til å klare seg også framover, men han er avhengig av samspelet med storsamfunnet og politisk støtte. Utan politisk støtte og grep som sikrar differensierte vilkår avhengig av naturgrunnlaget, kan vestlandsjordbruket bli marginalisert.

Gardsbruket treng bygda rundt, og lokalsamfunnet treng eit aktivt og synleg landbruk. I ei tid med strammare krav til produksjonsvolum og kostnadskontroll har vestlandsjordbruket spesielt store utfordringar. Målet om berekraftig landbruk over heile landet krev at bøndene må få rimeleg avkastning ved å investere i produksjonsanlegg som er tilpassa naturgrunnlaget. Landbruket er ei politisk næring, og kjem til å vere det også framover.

Forslag til vedtak frå fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik:

Møre og Romsdal fylkeskommune vil kome med følgjande innspel til jordbruksforhandlingane 2015:

1. Landbruksmeldinga (Meld. St 9 2011-2012) seier at matproduksjonen i Norge må aukast for å halde tritt med folketalsveksten. For å få det til må ein utnytte arealressursane i heile landet. Landbrukspolitikken må difor tilpassast regionale tilhøve, og gjere det lønsamt å bruke lokalprodusert fôr framfor importerte fôrråvarer.

2. Støtte til investeringar må gjere det mogleg å ta i bruk framtidsretta teknologi også på mindre bruk. Klima og topografi på vestlandet set grenser for effektivisering av fôrdyrkinga. Skal vi utnytte ressursane optimalt til matproduksjon trengs det difor ein variert bruksstorleik.

3. Forsking og tiltak som kan minske tap av beitedyr i utmarka må styrkast. Rimeleg og miljøvenleg fôr frå utmarka er eit konkurransefortrinn som bør utnyttast betre enn i dag.

4. Kanaliseringspolitikken må oppretthaldast. For å unngå sentralisering av produksjonen må omsetjing av mjølkekvoter skje innanfor geografiske område med like produksjonsvilkår.

- Ein siger for fornuften

- Fem års vaksenopplæring gir omsider frukter i praktisk politikk, seier fylkesleiar Oddvar Mikkelsen i Møre og Romsdal Bondelag om jordbruksavtalen som vart underteikna 16. mai.

-Tar ikke utfordringene på alvor

- Regjeringa har lagt fram et svakt tilbud. De tar ikke utfordringene i norsk landbruk på alvor, sier leder i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen.

Før jordbruksforhandlingane….

- Eg vil forberede meg sjølv og alle andre ved å liste opp ulike bortforklaringar om bønder si inntekt, brukt av den blåblå regjeringa, skriv nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Gunnhild Overvoll, i eit lesarinnlegg.

I bokseringen med landbruksminister Dale

- Det er mildt sagt et slag under beltestedet når landbruksminister Dale hevder «tilskudd har ført til lavere inntekt hos bonden», skriver styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag, Marte Halvorsen, Halsa, i et leserinnlegg.

Meir tull om tall frå Dale

Fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen, skriv i eit lesarinnlegg at vi ikkje må drive ein politikk som byggjer opp dei satsingsvillige for deretter å rive dei ned med overproduksjon og prisfall etter investering.

Oddvar Mikkelsen

Oppfyller ikkje måla i landbruksmeldinga

Bondeorganisasjonane braut i mai årets jordbruksforhandlingar fordi statens tilbod ikkje ga rom for dei nødvendige satsingane som må til for å sikre rekruttering til næringa og for å oppfylle måla i den nye stortingsmeldinga om jordbruket. Sjølv om landbruket 26. juni vart einige med staten om ei fordeling av midlane i tråd med føringane frå Stortinget, er det ikkje i år inngått ei ordinær jordbruksavtale med staten.

Oddvar Mikkelsen

Ingen satsing på landbruket!

- Regjeringa viser ingen vilje til å satse på landbruket, og følger ikke opp Stortingets landbrukspolitikk. Vi kan ikke skrive under på en avtale som svekker norsk matproduksjon, sier leder i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen.

Vestlandsbonden prioritert i jordbrukskrava

(NRK MØRE OG ROMSDAL): – Jeg syns det er et godt krav fra bondeorganisasjonene, sier fylkesleder i Bondelaget, Oddvar Mikkelsen. Vi er ei lavinntektsgruppe, så at vi stiller et relativt høyt krav er bare rimelig og på sin plass. Kravet er godt tilpassa Møre og Romsdal.

Oddvar Mikkelsen

Vestlandet er ikkje skapt for Dales landbrukspolitikk!

Kvifor støttar ikkje Sunnmørsposten ein politikk som er til gagn for næringslivet i eigen region? Det spør leiar i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen, i eit lesarinnlegg og tilsvar til avisa sin leiarartikkel 8. april.

Prioriter små og mellomstore bruk

Melk på små og mellomstore bruk, og storfekjøttproduksjon utenfor kornområdene, er styret i Møre og Romsdal Bondelags prioriterte hovedsatsingsområder som de har sendt inn i sitt innspill til Norges Bondelag før årets jordbruksforhandlinger.

KrF og V med sterk støtte til landbruket

Steinar Reiten (KrF) kunne garantere at jordbruksmeldinga ikke er til å kjenne igjen når den behandles i Stortinget. Pål Farstad (V) mente konklusjonene i jordbruksmeldinga ikke henger på greip, og den vil garantert ikke se slik ut når Venstre har sagt sitt.

Dette skjer i Møre og Romsdal Bondelag

Onsdag
26
September

Styremøte M&R Bondelag

Torsdag
04
Oktober

Styretur M&R Bondelag

Onsdag
21
November

Tema- og skattekurs for regnskapskontor

Kristiansund

Våre samarbeidspartnere