Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.Her er fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik sitt forslag til vedtak til politikarane:

1. Møre og Romsdal fylkeskommune går mot å fjerne konsesjonsregelverk og buplikt slik Landbruks- og matdepartementet foreslår.

2. Veksande folketal og nye matvanar krev auka matproduksjon. Areal eigna for matproduksjon må sjåast på som eit fellesgode. Styresmaktene bør difor ha eit verktøy for å kunne regulere kjøp og sal av landbrukseigedomar, der omsynet til mål om auka matproduksjon er avgjerande.

3. Eigedomsretten er viktig, men omsynet til den som skal leve av å produsere mat bør vege tyngre enn omsynet til den som skal selge. Bortfall av konsesjons- og bupliktregelverket kan føre til prispress og at mange landbrukseigedomar blir omgjort til fritidseigedomar. Det kan fortrenge dei som vil bruke jorda til matproduksjon, og true fast busetjing i bygdene.

4. Det er positivt med ein kritisk gjennomgang av konsesjons- og bupliktregelverk, med mål om forenkling, forbetring og meir systematisk handheving. Men endringar må byggje på kunnskap om konsekvensane, og ikkje gå ut over mål om å sikre ressursar til matproduksjon.

Heile saksframlegget i PDF kan du lese ved å klikk her.