Lesarinnlegget står på trykk i Sunnmørsposten 4. mai, same dag som staten legg fram sitt tilbod i jordbruksforhandlingane. Her er innlegget:

Før jordbruksforhandlingane….

For femte gang skal bøndene forhandle med blåblå regjering om rammevilkåra for landbruksdrift her i landet. Vi kan difor ha erfaringsgrunnlag for å observere nokre gjentatte mønster i desse forhandlingane. Eit av desse er forvirringstaktikk omkring inntektsnivået til bøndene. Det er ingen sensasjon for folk flest at bønder har låge inntekter, dette veit også regjeringa. For å avlede dette faktumet, mistenkjer eg at forvirringstaktikken er bevisst. Eg vil difor forberede meg sjølv og alle andre ved å liste opp ulike bortforklaringar om bønder si inntekt, brukt av den blåblå regjeringa:

  • ’Bønder har ikkje lønn, men er sjølvstendig næringsdrivande’. Takk, vi er klar over det, og treng ikkje meir vaksenopplæring. Vi lever av skilnaden mellom inntekter og utgifter.  Vi treng at politikken legg til rette for at den skilnaden er stor nok.
  • Insistering på bruk av prosentar i staden for kroner. Sjølv om Stortinget har bestemt at det skal brukast kroner. Starter du med ei låg inntekt vil prosentar bare auke skilnaden til dei som tente betre i utgangspunktet.
  • Bruk av inntektsstatistikk med bruk av bønders totale inntekt. Altså: Viss du har ein jobb i tillegg for å ha råd til å vere bonde, og difor driv garden på fritid og ferie frå den andre jobben. Så bruker ein altså inntektene frå begge jobbane for å påstå at bønder tener godt!
  • Eller enda verre: Inntektsstatistikk der heile familieinntekta inngår, også den av ektefellene som ikkje er med i gardsdrifta. Slik blir det i praksis: ’Det er jo kjempegod inntekt i landbruket, du har jo ei kone som er lege så ikkje synd på deg! ’
  • I tillegg til dette har ministeren også brukt mykje spalteplass på ulik inntektsstatistikk som har kommi, på å forklare kvifor det at bøndene kjem dårleg ut ikkje seier noko som helst om bøndene sitt inntektsnivå.

Eg håper på reale forhandlingar fritt frå desse avsporingane. Norge treng landbruket, landbruket treng bønder, og bønder treng å ha gode nok moglegheiter for inntekt.

Gunnhild M. Overvoll, nestleiar Møre og Romsdal Bondelag