Ber om ekstraordinære tiltak om lausdriftskravet

Publisert 11.06.2015
  • Tips en venn om denne siden

Mjølkebonde Vegard Smenes frå Averøy tok i generaldebatten på Bondelagets årsmøte til orde for at det vert oppretta eit forskingsprosjekt som samanliknar lausdriftsfjøs med båsfjøs med tanke på dyrevelferden. Og ni fylkesleiarar ber om ekstraordinære løysingar som kan sikre fornyingstakta i mjølkeproduksjonen fram mot kravet om lausdrift.

Vegard Smenes på talerstolen under Bondelagets årsmøte på Lillehammer.Kravet om lausdrift i melkeproduksjonen vart teke opp i mange innlegg i generaldebatten på årsmøtet på Lillehammer onsdag. Alle påpeika at det handlar om framtida til små og mellomstore mjølkebruk

Årsmøteutsending frå Møre og Romsdal Bondelag, Vegard Smenes, Averøy, overleverte etter sitt innlegg om saka skrifteleg forslag til styret i Norges Bondelag om at det vert oppretta eit forskingsprosjekt som samanliknar lausdriftsfjøs med båsfjøs med tanke på dyrevelferden.

Ekstraordinære løyvingar

Fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Inge Martin Karlsvik, er ein av ni fylkesleiarar som i brev til Norges Bondelag ber styret inngå drøftingar med Regjeringa med sikte på å kunne få til ekstraordinære løysingar som kan sikre fornyingstakta i mjølkeproduksjonen fram mot kravet om lausdrift.

Innspelet frå dei ni fylkesleiarane vart drøfta og fekk tilslutning på styremøtet i Møre og Romsdal Bondelag 1. juni.

Brevet om ”Trong for fornying og investeringsverkemidlar i mjølkeproduksjonen” vart fronta av fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde. Han sa lausdriftkravet i mjølkeproduksjonen gjev store utfordringar for å kunne oppretthalde mjølkeproduksjonen i distrikta.

- Vi vil uttrykke sterk uro for at mindre og mellomstore mjølkebruk kjem dårleg ut av årets oppgjer samstundes som fjorårets oppgjer også var svært dårleg for desse driftseiningane. Når vi samstundes ser ein manglande vilje til å betre investeringsverkemidlane i ein grad som monnar, vil det verte svært vanskeleg å kunne oppretthalde volumet i mjølkeproduksjonen i distrikta på sikt, sa Felde 

Når produsentane over år opplever manglande gevinst i jordbruksoppgjeret fryktar vi dette vil svekke investeringslysta og med det ein tiltrengt fornying av driftsapparatet på dei bruka som i dag produserer omlag 50 % av mjølka.  Dette er dei bruka som produserer mjølk på bås, sa han og overleverte oppfordringa på vegne av dei ni fylkesleiarane til styret i Norges Bondelag.

Brevet er underteikna av fylkesleiarane Anders Felde (Sogn og Fjordane), Inge Martin Karlsvik (Møre og Romsdal), Lars Morten Rosmo, ( Sør-Trøndelag), Asbjørn Helland (Nord-Trøndelag), Frøydis Haugen (Hordaland), Ola Andreas Byrkjedal (Rogaland), Tor Erik Leland (Vest-Agder), Erik Fløystad (Aust-Agder) og Aslak Snarteland (Telemark).

For å kunne lukkast med overgangen frå båsfjøs til lausdrift for mange av desse bruka meiner fylkesleiarane følgjande vil vere avgjerande:

- Det må kome ekstraordinære løyvingar via statsbudsjettet som sikrar ein vesentleg auke i potten til investeringsmidlar over ein lenger tidsperiode (vi snakkar sannsynlegvis om 100-200 mill ekstra pr år)

- Gjeldsnivået etter investering må vere lågt. Det betyr at dagens investeringsordningar må gje betre utteljing for det einskilde prosjektet

- Fylka må ha fridom til å fastsetje ordningar som kan sikre fornying i sitt område

Fylkeslaga ser på denne saka som så viktig at vi vil oppmode Norges Bondelag om å setje ned eit hurtigarbeidande utval der både sentralleddet og fylkesleddet er representert. Målet må vere å kome fram til løysingar som gjer det mogleg også å investere i lausdrift med storleikar 150.000 til 300.000 liter mjølk etter utbygging.

Her kan du lese brevet i PDF frå fylkesleiarane som vart levert til styret i Norges Bondelag - klikk her

Oddvar Mikkelsen

Oppfyller ikkje måla i landbruksmeldinga

Bondeorganisasjonane braut i mai årets jordbruksforhandlingar fordi statens tilbod ikkje ga rom for dei nødvendige satsingane som må til for å sikre rekruttering til næringa og for å oppfylle måla i den nye stortingsmeldinga om jordbruket. Sjølv om landbruket 26. juni vart einige med staten om ei fordeling av midlane i tråd med føringane frå Stortinget, er det ikkje i år inngått ei ordinær jordbruksavtale med staten.

Oddvar Mikkelsen

Ingen satsing på landbruket!

- Regjeringa viser ingen vilje til å satse på landbruket, og følger ikke opp Stortingets landbrukspolitikk. Vi kan ikke skrive under på en avtale som svekker norsk matproduksjon, sier leder i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen.

Vestlandsbonden prioritert i jordbrukskrava

(NRK MØRE OG ROMSDAL): – Jeg syns det er et godt krav fra bondeorganisasjonene, sier fylkesleder i Bondelaget, Oddvar Mikkelsen. Vi er ei lavinntektsgruppe, så at vi stiller et relativt høyt krav er bare rimelig og på sin plass. Kravet er godt tilpassa Møre og Romsdal.

Oddvar Mikkelsen

Vestlandet er ikkje skapt for Dales landbrukspolitikk!

Kvifor støttar ikkje Sunnmørsposten ein politikk som er til gagn for næringslivet i eigen region? Det spør leiar i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen, i eit lesarinnlegg og tilsvar til avisa sin leiarartikkel 8. april.

Prioriter små og mellomstore bruk

Melk på små og mellomstore bruk, og storfekjøttproduksjon utenfor kornområdene, er styret i Møre og Romsdal Bondelags prioriterte hovedsatsingsområder som de har sendt inn i sitt innspill til Norges Bondelag før årets jordbruksforhandlinger.

KrF og V med sterk støtte til landbruket

Steinar Reiten (KrF) kunne garantere at jordbruksmeldinga ikke er til å kjenne igjen når den behandles i Stortinget. Pål Farstad (V) mente konklusjonene i jordbruksmeldinga ikke henger på greip, og den vil garantert ikke se slik ut når Venstre har sagt sitt.

Oddvar Mikkelsen

Lettvint om avløsing på gårdsbruk

Fylkesleder Oddvar Mikkelsen mener avisa Tidens Krav tar flere snarveier når de på lederplass mandag 30. januar argumenterer for å avvikle det såkalte avløsertilskuddet for bonden.

Gunnhild Overvoll

Det var da voldsomt!

Det var da voldsomt! skriv nestleiar i M&R Bondelag, Gunnhild M. Overvoll, i eit lesarinnlegg om at landbruksministeren reagerer sterkt på Bondelaget sin bålaksjon mot jordbruksmeldinga, og bruker orda ubalansert og historielaust om den.

Styret M&R Bondelag

Massivt åtak på den norske landbruksmodellen

Jordbruksmeldinga er eit så massivt åtak på den norske landbruksmodellen at styret i Møre og Romsdal Bondelag (biletet) meiner partia på Stortinget skal sende meldinga attende til regjeringa og be om ei melding som er i tråd med det stortingsfleirtalet har vedteke.

Oddvar Mikkelsen

Kven sit i skyttargrava no?

- Jon Georg, bønder sutrar ikkje, men det hender vi bit tennene saman så hardt at vi får tårar i augo. Det skriv leiar i M&R Bondelag, Oddvar Mikkelsen, som tilsvar på intervju med landbruks- og matminister Jon Georg Dale i Sunnmørsposten før jul.

Petter Melchior

Auka risiko for geitebøndene

Styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag, geitebonde Petter Melchior i Norddal, meiner jordbruksmeldinga føreslår auka usikkerheit for framtidig inntening og dermed auka risiko for geitebøndene. Det betyr i praksis stagnasjon og avvikling.

Dette skjer i Møre og Romsdal Bondelag

Onsdag
30
Mai

Styremøte M&R Bondelag

Onsdag
06
Juni

Årsmøte i Norges Bondelag

Lillehammer

Våre samarbeidspartnere