Denne teksten ligg på GD nett. Den er og sendt Nationen.

 

Det store engasjementet for å bevare slakteriet på Otta har gjort inntrykk på mange. Aksjonen viser at folk står saman om ei viktig bedrift i ein region som sårt treng dei arbeidsplassane som fins her i dag.

 

Fra aksjonsgruppa Bevar Nortura Otta!

 

Engasjementet bør gjera inntrykk på konsernstyret også. I byrjinga av desember kan det endeleg bli avgjort om drifta ved anlegget får leve vidare eller om det blir avvikling for ei av dei største bedriftene i Nord-Gudbrandsdal, og samtidig ei vidareforedlingsbedrift for husdyrproduksjonen i eit av dei viktigaste jordbruksområda i Innlandet.

 

Kva skjer om anlegget blir lagt ned?

Husdyrprodusentane i Gudbrandsdalen har i alle år slutta sterkt opp om slakterisamvirket med leveranseandel frå 80 til over 90 prosent i dei fleste kommunane. Kva skjer om anlegget blir lagt ned? I tillegg til at distriktet blir tappa for kompetent arbeidskraft og at mange barnefamiliar vil flytte ut av regionen, er det grunn til å tru at Nortura vil miste store leveranser frå bøndene. Det er også ganske sikkert at det vil bli redusert salg av Gildevarer etter skuffelsen som følgjer av ei nedlegging. Vi veit alle grunnen til at Nortura har sett i gang denne prosessen. Alle steinar skal bli snudd i håp om å betre økonomien i selskapet.

 

Meir makt til butikkjedene

Dei store butikkkjedene styrer nå all distribusjon av varene frå slakterisamvirket og inn til butikkane, og kva varer dei skal ta inn. Det gir makt. Butikkane har etter kvart fått eigne merkevarer som konkurrerer i markedet med Gilde. Desse varene er produsert både av samvirket og konkurrerande slakteri. Butikkane sine eigne merkevarer har dei siste åra tatt større og større markedsandelar. Det gir enda meir makt til butikkjedene. Kvifor har butikkjedene interesse av å lansere eigne merkevarer?

Svaret er åpenbart. Dei eig merket, og kan sjølv bestemme kven som skal produsere for dei. Dermed kan dei forhandle med fleire produsentar, deriblant Nortura og sette dei ulike opp mot kvarandre og presse pris. Da må slakteria kutte kostnader i produksjonen. Derfor er slakteriet på Otta nedleggingstrua.

Erfaring frå andre land viser at denne utviklinga høgst sannsynleg vil fortsette. Altså vil Gildemerket som vi er stolte eigarar av tape enda meir terreng og bli svakare i konkurransen medan butikkane sine merkevarer vil øke. Når kostnadene er kutta i alle ledd og kjedene framleis har makt til å presse, kva skjer da?

Svaret er enkelt her og. Prisen til produsent blir tvinga ned. Det blir kamp om å få lov å produsere butikkane sine merkevarer for at bøndene skal få selt produkta sine. Dette kan høyrest ut som ein vond draum, men det er slik det fungerer.

Det store spørsmålet er da om vi berre skal godta dette, eller om det finst andre måtar å løyse det på? Det er andre løysingar. Vi kan neppe klare å stoppe butikkane sine egne merkevarer, men i staden for å godta at vi blir pressa frå skanse til skanse i butikkane må vi sjå på andre omsetningsformer i tillegg.

Gilde skal vera tilstades i butikk sjølsagt, men kva om vi kunne ha som mål at den nedgangen Gildemerket har i butikk skal erstattast med andre omsetningsformer, f.eks direktesalg frå Nortura sine avdelingar? På Otta er det kø langt ut av medlemsbutikken enkelte dagar. Dette kunne vore utvikla vidare til å bli meir enn ein medlemsbutikk! Det er og mogleg å etablere fleire salgspunkt. Ein vinn-vinnsituasjon der forbrukar blir tilbydd varene med eit omsetningsledd mindre.

 

Selsvollene med Anders Formo innfeldt. På Selsvollene ligg garden Formo og i sørenden ligg Norturaanlegget på Otta.

 

 

Stor interesse for lokalproduserte varer i reiselivet

Gudbrandsdalen har mange reiselivsbedrifter. Mange etterspør kjøttvarer frå lokalområdet fordi gjestane helst vil ha det. I tillegg til landbruk driv vi sjøl med reiseliv som tilleggsnæring og kjenner godt til verdien av å kunne bruke lokalproduserte varer. Det gir ein ekstra dimensjon til produktet som kan gje auka inntjening. Det ligg eit potensiale for vekst for Nortura sine varer her!

Husdyrbrukarane i Gudbrandsdalen legg ned ein stor arbeidsinnsats i å skaffe fram gode produkt til vidareforedling gjennom Nortura. Vi sit på store ressursar, både i bygningsmasse og veldrevne jordbruksareal. Det vi har mest av er likevel titusenvis av mål med fjellbeite. I ei verd med aukande fokus på klima er dette kanskje vårt største fortrinn. Dyr på beite i fjellet som i tillegg hindrar attgroing kjem godt ut i klimasamanheng. Å kunne knytte dette opp mot produktet kan gi ein meirverdi som kan tas ut i markedet ved ein høgare pris.

Det nye storfylket Innlandet har som mål få til verdiskaping og vekst. Matproduksjon er heilt sentralt her. Produksjonsmiljøet rundt Norturaanlegget på Otta passar godt inn i denne framtida.

Hvis svaret på Nortura sine utfordringar blir å legge ned Ottaanlegget, kva skjer så?

Ein del produsentar vil gå over til andre slakteri. Dei tar sikkert i mot oss med glede. Ingen av dei har vidareforedling i vårt område. Det er ingen god løysing. Likevel vil mange velge det. Nokre andre vil vurdere vidareforedling i mindre målestokk for at meir av verdiskapinga skal bli att her i vårt nærområde.

 

Kan vi skape meirverdi på nye måter?

Det vi aller helst vil er at Nortura nå ser litt utover den tradisjonelle tankegangen, ser at det finst andre måtar å skape meirverdi i matproduksjonen på enn berre å konkurrere med butikkane sine merkevarer.

Ottaanlegget er på topp i effektivitet blant slakteria i Nortura med ein arbeidsstokk som alltid står på. Dette er eit godt grunnlag å bygge vidare på! Otta har vore pilotanlegg for mange nyvinningar i Norturasystemet. Utan unntak har det gått bra.

Derfor er det viktig nå å unngå at anlegget blir lagt ned. Deretter bør vi sette oss ned saman og meisle ut ein ny strategi for korleis vi kan bygge ei breiare plattform for Ottaanlegget slik at det står sterkare for framtida. Hvis ikkje er eg redd nedleggingsplanar kan kome att om nokre år.

 

Spør etter Gilde når du handler og slutt opp om anlegget

Det viktigaste forbrukarane kan gjera nå er å etterspørre Gildevarer der dei handlar. Butikkane må ta inn dei varene som blir etterspurt. Slik er forbrukarmakta. Hvis distriktet kan vise til klar oppsving for Gildesalget, syner det at forbrukarane har skjønt kva dette handlar om. Samtidig blir det eit viktig moment som styret ikkje kan sjå bort frå.

På samme måte er det viktig at produsentane meir enn nokon gong før sluttar opp om anlegget. Det er plass til enda fleire! Ta kontakt og sørg for at storfe blir meldt inn til Otta og foredla lokalt.

Fallet kan bli stort og skaden uoppretteleg for Nortura i Gudbrandsdalen hvis det blir kroken på døra på Otta.

Fortsatt drift og utvikling vil høste anerkjennelse og støtte. I fellesskap kan vi løfte både tilførsel og salg i området. Nå er det opp til styret å gjera det riktige vedtaket. Det er eit stort ansvar.

 

Av Anders Formo, 1.vara styret i Oppland Bondelag og Norturaeigar