Utanriksminister Børge Brende i samtale med EUs handelskommissær  Cecilia Malmstrøm under ministermøtet i WTO i Davos. Foto: Rune Bjåstad, UDKvar januar møtes topp-politikarar i den sveitsiske byen Davos. Det er også tradisjon for at dette dannar startskotet for arbeidsåret på politiske nivå i Verdas Handelsorganisasjon (WTO). Dette var også tilfellet i år. Fleire handels- og utanriksministrar møttes i helga.

- Vi stadfesta at innan juli skal vi ha klart eit detaljert arbeidsprogram, som legg ei truverdig og realistisk løype fram mot ein konklusjon av Doha-runda, sa den sveitsiske økonomiministeren Johann N.Schneider-Ammann etter møtet. Sveits var vertskap for det uformelle møtet.


Ny giv – men veldig veldig vanskeleg

Etter mange år i dvale er forhandlingane om ei WTO-avtale no i gang igjen. I eit ministermøte på Bali i desember 2013 vart partane samde om m.a. tiltak for handelsforenkling og førebels tillating av oppkjøp til matvarelager for u-land. Ein vart også samde å ha klar ein arbeidsplan innan juli 2013 for korleis Doha-runda skulle bli rodd i hamn. Dette klarte ein ikkje, særleg grunna ein konflikt mellom USA og India. Denne konflikten vart løyst i haust, og forhandlingane er tilsynelatande igjen på skinner.

WTOs generaldirektør Roberto Azevedo la fram sine prioriteringar i møtet: Ei permanent ordning for oppkjøp av matvarer til matsikkerheitslager, iverksetjing av avtala om handelsforenkling og ferdigstilling av arbeidsprogram i juli.

Generaldirektøren understreka at ein må fokusere på kva som er mogleg å oppnå utan å redusere ambisjonsnivået for mykje. Han trur det er mogleg å følgje tidsplanen, men er i tvil om ein kan klare å få til eit ambisiøst resultat på alle forhandlingsområde:
- La oss ikkje lure oss sjølve. Det vil bli veldig, veldig vanskeleg, sa Azevedo.

Brende seier alle land må bidra

Mellom handels- og utanriksministrane som deltok var også Noregs utanriksminister Børge Brende. Ifølgje Washington Trade Daily, sa Brende at medlemmene måtte fokusere på kva som er mogleg med eit lågare ambisjonsnivå. Han sa også at alle land må bidra for å oppnå eit truverdig resultat.

EUs handelskommissær Cecilia Malmström la vekt på at det var viktig med parallell utvikling mellom alle forhandlingsområda, men peika også spesielt på kor viktig landbruk var. Det er enno ikkje semje mellom landa om dei skal ta utgangspunkt i forslaget til avtaletekst på landbruk som låg på bordet før forhandlingane braut saman i 2008.

Mellom dei andra landa som deltok i Davos-møtet var USA, Japan, New Zealand, Russland, Kina, Brasil, Canada, Sør-Afrika og India.