– Dumping øydelegg for nasjonal produksjon, sa bonde Denis Kabiito frå Uganda på Bondelagets side-arrangement.  Den kanadiske forskaren Genievieve Parent sa WTO overstyrer internasjonalt regelverk for matsikkerheit.

Arrangementet var eit samarbeid mellom bondelaga i Noreg, Sveits og Canada, og var del av det årlege opne forumet i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) i Geneve. Temaet i år var korleis WTO skal tilpasse seg eit endra handelssystem og nye utfordringar, og korleis ungdommen ser på det framtidige handelssystemet. 3200 personar deltok. Norges Bondelag deltok i arrangering av to side-panel.

- Afrikanske bønder har behov for å verne nasjonal produksjon mot billeg import. Vi blir samtidig dratt mellom krav til trygg mat og tilgang på nok mat, sa leiaren for Ugandas unge bønder, Denis Kabiito. Han er også leiar for arbeidsgruppa for unge bønder i World Farmers` Organisation (WFO), og peika på betydningen av organisering av bønder og å gi meir makt til bøndene.

Genevieve Parent frå Laval University i Quebec, Canada, deltok også i panelet. Ho er del av ei forskingsgruppe som har analysert meir enn 700 lovinstrument utanfor WTO som kan bidra til betre tilgang på mat. Ho meiner WTO overstyrer anna viktig internasjonal lovgjeving som skal bygge opp under tilgangen på mat og eit betre miljø.

- WTO må sette retten til mat i sentrum for si vidare utvikling, konkluderte Parent.

Politisk handlingsrom viktig for utvikling

I eit anna seminar på forumet peika representanten for FNs organ for utvikling og handel, UNCTAD, også på behovet for politisk handlingsrom:

– Politisk handlingsrom må bli teke mykje meir alvorleg i WTO, sa Richard Kozul-Write.

Han viste til at dette ikkje var ein ide frå UNCTAD, men tvert imot noko USA har vektlagt i lang tid.

USAs nasjonale politikk i nyare tid var også tema frå fleira av innleiarane. Den kjende økonomen Jeffrey Sachs deltok i opningspanelet på konferansen, og vart spurt om ikkje WTO bidrar til eit kappløp mot botnen. Amerikanaren Sachs meinte frihandel bidrar til vekst, men at nasjonalstaten må fordele overskotet betre enn Trump gjer no for at det skal fungere.

- Handel fører ikkje i seg sjølv til kappløp mot botnen viss ein har prosessar som fungerer. Viss ikkje kan handel verke negativt inn, sa Sachs og brukte m.a. oppfølgjing av globale klima-avtaler som døme.

Leiar Theo de Jager i WFO fortalde korleis han kunne bruke block chain på sin gard i Sør-Afrika. T.v. ordstyrar Hildegunn Gjengedal frå Bondelaget (foto: WFO).

- WTO eksisterer for å liberalisere

Reform av WTO-systemet var også eitt heitt tema under forumet i år. Brasils WTO-ambassadør brukte under eit side-arrangement om dette temaet mykje tid på å angripe europeiske mattryggleiksstandardar. Han oppfatta desse som lite fakta-baserte og meir bygde på kjensler. Difor såg han på dei som urimelege handelshinder.

- Vi må hugse på at grunnen til at vi er her og at WTO eksisterer er for å liberalisere handelen, sa ambassadøren til landet vi nettopp har inngått ei handelsavtale med gjennom handelsblokka Mercosur.

Ingen gjennombrot i samtaler om internstøtte

Regulering av støtte er temaet innan landbruk som får mest merksemd akkurat no. Fleire land ynskjer å redusere såkalla gul og blå støtte (t.d. norsk prisstøtte og kvalitetsstøtte til storfe), men førebels er det ingen klare forhandlingsløysingar i sikte.

Det er likevel ein fare for at det kan dukke opp løysingar på ministermøtet i juni i Kasakhstan som dei store aktørane kan bli samde om. Dette kan slå svært negativt ut for Noreg, slik vedtaket om å fjerne eksportstøtta gjorde i 2015. Kinas bruk av blå støtte har også auka USAs interesse for å redusere denne typen støtte. USA er elles mest interessert i å redusere tollvernet, noko som verkar lite realistisk å få til akkurat no.

Elektronisk handel og fisk er andre tema som får mykje merksemd i WTO akkurat no, utan at det løysingar er venta i næraste framtid.