Lite eller ingenting har skjedd dei siste åra i forhandlingane om ei ny verdsavtale for handel. Dette prega også årets forum, der Verdas Handelsorganisasjon (WTO) inviterer organisasjonar og næringsliv med interesse for forhandlingane til opne møte i Geneve.

Tema for årets møte var nettopp: Er det multilaterale systemet i krise? Mange av paneldeltakarane meinte systemet er i krise fordi det ikkje klarer å tilpasse seg den endra verda rundt seg.  WTO må reformerast så det er i ein betre posisjon til å hjelpe arbeidarar, bønder, bedrifter og dei unge.  – Multilateralismen strevar i nesten alle deler av globalt samarbeid, sa Lamy i si opningstale. Under talen heldt han fast på ein forsiktig optimisme om framtida til systemet, og sa at WTO hadde vore av dei mest suksessfulle historiene i fortida.

– Men våre medlemmers problem med å bli samde om ei ny avtale viser også at WTO ikkje er immun til geo-økonomiske og geo-politiske endringar i vår tid. Når ordstyraren seinare konfronterte paneldeltakarane, slo Lamy fast at han var forsiktig pessimist. Han meiner WTO som vart danna for 20 år sidan no er utdatert. Debattane gjekk likevel i vante spor, der tilhengarane av WTO-systemet ynskjer ein friare verdshandel for å kome seg ut av krisa.

World Farmers Organisation, der også Noreg er medlem, arrangerte eit eige møte der temaet var om  det multilaterale systemet tek i vare bønders réelle behov. I panelet sat bonderepresentantar frå EU og Uganda, og forhandlarar frå New Zealand og Mexico. Fokuset var på korleis bøndene skal bli i stand til å produsere nok mat i framtida. – Matproduksjon er ikkje eit nullsumspel, der auka produksjon i ein del av verda betyr at andre land ikkje kan produsere. Er WTO i stand til å endre dagsordenen for å tilpasse seg denne nye røyndomen, spurte ordstyrar og president i WFO, Robert Carlson. Sveits påpeika at det må vere opp til kvart enkelt land å ha reglar som gjer det mogleg å produsere mat til eige folk. Ikkje overraskande var New Zealands forhandlar på eit litt anna spor, og meinte det var opp til forbrukarane i kvart land å velje om dei ville ha mat frå eige land eller andre land.

Under WTO-forumet var det også eit møte mellom bondeorganisasjonane som har laga det felles oppropet Call for Coherence. Planar vart lagt for korleis ein skal spreie bodskapen i oppropet om at WTO ikkje må undergrave kvart lands rett til eigen matproduksjon.