I forslaget ligg ein nedtrappingsplan fram mot full utfasing i 2020. Ost og foredla produkt får meir fleksibilitet i nedtrappingsperioden, men eksportstøtta for desse produkta må uansett bort innan 2020, om denne teksten går igjennom. Det er særleg Sveits, Canada og Noreg som blir ramma av dette, men også EU har jobba for å halde på moglegheiten for å bruke eksportstøtte. Det har vore viktig for desse landa at det er ein balanse mellom nedtrapping av eksportstøtte og  andre formene for eksportstøtte i form av eksportkredittar, spesielle former for matvarehjelp og eksport ved hjelp av statlege handelsforetak. USA brukar til dømes eksportkredittar. I teksten blir tilbakebetalingstida for eksportkredittar foreslått sett til 18 månader. Dette blir ikkje oppfatta som ei stor innrømming for USA, som i dag praktiserer denne tilbakebetalingstida.

- Det blir svært krevjande for oss å fase ut eksportstøtta. Det ser heller ikkje ut til å vere ein god balanse i denne teksten i forhold til dei andre formene for eksportstøtte, som eksportkredittar som USA brukar. Det er bra at det er meir fleksibilitet i nedtrappingsperioden for ost, men det står framleis fast at eksportstøtta skal vekk. Fleksibiliteten gjeld heller ikkje for andre norske produkt enn ost. Så vidt eg kan sjå gir teksten heller ikkje innrømmingar til u-land på sikkerheitsmekanisme og matvarelager, seier 2. nestleiar i Norges Bondelag, Kristin Ianssen, som er til stades på WTO-møtet i Nairobi.

Teksten blir diskutert vidare utover dagen. Det er avtalt møte kl 16 mellom medlemslanda om landbruksteksten. Det kan kome nye forslag til tekst etter det. Etter planen skal ministermøtet vere avslutta innan fredag.