WTO-avtale om fjerning av eksportstøtte innan 2020

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

WTO vart laurdag ettermiddag samde om ei avtale som inneber ei utfasing av norsk eksportstøtte innan 2020.

Eitt døgn på overtid vart medlemslanda i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) samde om ei ny WTO-avtale for enkelte område, m.a. eksportstøtte. Vedtaket vil ramme rundt 8% av norsk mjølkeproduksjon, og moglegheit til å bruke reguleringseksport på produkt som svin.

Meieriprodukt, foredla produkt og svinekjøt får lenger tid på seg til nedtrappinga enn andre produkt frå i-land. Det er desse produkta Canada, Sveits og Noreg i hovudsak brukar eksportstøtte på. Det står ingenting i avtala om kor fort nedtrappinga skal skje innan denne perioden, men volumet skal frysast på nivået frå 2003-2005, og ein kan ikkje bruke eksportstøtte til nye produkt eller nye marknader i perioden. Eksportstøtte som går til dei minst utvikla landa skal fjernast med ein gong for alle produkt. Norsk eksportstøtte går ikkje til denne typen produkt.

- Dette betyr mykje for norsk mjølkeproduksjon. Det vil krevje omstilling for rundt 8% av det norske mjølkevolumet. Vi forventar at styresmaktene stiller opp med avbøtande tiltak, seier nestleiar i Norges Bondelag Kristin Ianssen. Ho følgde forhandlingane på nært hald i Nairobi, som del av sivilsamfunnsrepresentasjonen i den norske delegasjonen.

Utanriks- og forsvarskomiteen i Stortinget innstilte nyleg på at eksportstøtta skal fjernast allereie i 2019. Utanriksdepartementet skriv i si pressemelding etter avtala er inngått at dette gir norsk landbruk nødvendig tid til omstilling gjennom utfasing som ikkje må gå raskare enn Regjeringa la opp til i Stortingsmelding 29 om globalisering og handel.

- Eg meiner vi no må bruke den moglegheiten for eitt år ekstra nedtrappingstid som WTO gir rom for, seier Ianssen.

Ministrane frå dei no 164 medlemslanda har forhandla i Kenyas hovudstad sidan tysdag. Forhandlingane skulle ha vore avslutta fredag, men heldt på fram til laurdag ettermiddag. På landbruksområdet var det særleg balansen mellom ulike typar eksportstøtte og vilkåra for u-landa som sto i fokus. Eksportkredittar, matvarehjelp og statlege handelsforetak er andre former for eksportstøtte.

Medan rein eksportstøtte no blir heilt fjerna, kan land som USA halde fram med å bruke eksportkredittar, med noko meir disiplinering.

- Utifrå slik eg les teksten er det ikkje ein god balanse mellom ulike former for eksportstøtte. Andre former for eksportstøtte som kan ha større effekt på u-landa blir mindre disiplinerte, medan vår eksportstøtte som ikkje har effekt på u-landsmarknaden må bort. Noreg har heller ikkje fått noko igjen for å gi opp eksportstøtta på andre viktige landbruksområde som importvern og internstøtte, seier Kristin Ianssen.

For dei minst utvikla landa vart det semje mellom medlemslanda om endra opprinningsreglar, og om positiv særbehandling av tenesteeksportørar, samt betre marknadstilgang og fjerning av eksportstøtte for bomull.

WTO vart onsdag samde om ei eiga avtale for handel med IT-varer. Afghanistan og Liberia vart tekne opp som nye medlemmer

Det var stor strid om kva som skal skje etter forhandlingane i Nairobi var i hamn. Utviklingslanda vil halde fram med Doha-runda, som lova betre vilkåra for dei fattigaste, medan i-landa med USA i spissen ynskjer å avslutte Doha-runda, og starte med blanke ark. I ministererklæringa blir det referert til at det er ulike syn i saka. Medlemmene forpliktar seg i erklæringa til å halde fram forhandlingane om m.a. landbruk, industrivarer, tenester, regelverk og utvikling.

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
23
Mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus
Onsdag
23
Mai

Styremøte

Landbrukets hus
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere