Illustrasjonsfoto: Svein Skøien.I eit forslag til endring i lov om statleg naturoppsyn vil Miljøverndepartementet gjere tilsynsplikta klarare og tilsynsfullmakta tydlegare og enklare å praktisere - med generelle heimlar i naturoppsynslova. Endringane er meint som ei presisering og klargjering av gjeldande praksis, og tek ikkje sikte på å utvide fullmaktene til naturoppsynet, heiter det i høyringsbrevet frå Miljøverndepartementet.

Norges Bondelag støttar ikkje forslaget til endring

-Behova naturoppsynet har for å kunne gripe inn og på kva måte, varierer mellom de ulike lovene naturoppsynet skal kontrollere. Om det er heimel for å gripa inn og eventuelt på kvar måte, må vurderast i høve til føremålet med den aktuelle lova, meiner Bondelaget.

- Vidare går det eit viktig skilje mellom kva naturoppsynet har heimel til når dei driv tilsyn og kontroll, og kva dei kan gjera når dei driv til dømes skjøtsel eller gjer bestandsregistreringar på oppdrag frå andre, skriv Bondelaget i sitt høyringsbrev.

Uheldig for rettstryggleiken

Forslaget frå Miljøverndepartementet legg òg opp til at naturoppsynsfolka skal vurdere svært skjønnsmessige vilkår når dei til dømes bestemmer seg for kva dei har rett til, kva dei meiner er eit forholdsmessig tiltak og kort lenge dei meiner det er naudsynt å stoppe folk. - For rettstryggleiken til den enkelte borgar, er dette svært uheldig. Dette vert ekstra ille når den einaste måten den enkelte kan få prøvt om naturoppsynet hadde den naudsynte heimelen, er ved å nekte og følgje oppfordringa og verte straffeforfølgd, meiner Bondelaget.

Inngrep i den personlege fridomen

I forslaget heiter det og at naturoppsynet skal ha rett til å krevje opplysningar om namn, fødselsdato og adresse. - Det er ikke naudsynt å ha en eigen heimel for dette. Tvert om er det all grunn til å nytte gjeldande regel, for dette er eit inngrep i den personlege fridomen til folk, meiner Bondelaget.

-Karvet om å ha med seg dokumentasjon vil føre til at alle må ha med seg gyldig legitimasjon nesten same kvar dei går, då reglane i friluftslova vil gjelde store delar av arealet i Noreg. Dette er ei legitimasjonsplikt borgarane i Noreg heldigvis ikkje har per i dag. Dette er ikke berre ei kodifisering av praksis. Dersom naturoppsynet har ein slik praksis, bør dette vurderast i høve til legalitetsprisnippet, skriv Bondelaget i høyringsbrevet til Miljøverndepartementet.

Vil stogge lovforslaget

-Lovframlegget er ikkje godt nok gjennomarbeid. Lovprosessen må stoggast til konsekvensane av dei ulike forslaga er utgreidd nærare, strekar Bondelaget under.

Kontaktperson i Norges Bondelag: Sissel Fykse.

Bondelagets temasider jus og grunneierrettigheter.