Bondelaget har sett nærare på Høgres framlegg til landbrukspolitikk, og rekna på utslag av deira politikk. I ettertid har Høgre i ulike medier skulda Bondelaget for å teikne eit skremmebilete. – Det er me som vert skremd når Høgre vil gjere store kutt i landbrukspolitikken, og seier at dei lett skal bli samde med Frp, seier bondelagsleiar Nils T. Bjørke.

Lofotposten / NTB: Høyre i klinsj med Bondelaget
Bondebladet: Høyre slår tilbake mot Bondelaget

Norges Bondelag har teke Høgre på ordet, og presentert konsekvensane av Høgre sine framlegg til landbrukspolitikk. – Vår oppgåve er å ropa varsku når me meiner mattryggleiken i Noreg står i fare, og bondens inntektsmoglegheiter vert mindre. Me lovar å rose Høgre når dei gjer noko som styrkjer norsk matproduksjon og norske bønder. Men så langt har ikkje Høgre lagt fram tal som endrar våre konklusjonar om verknadene for landbruket i Noreg, seier Bjørke. 

Høgre oversel skattevinst
Det vert peika på at Bondelaget sitt notat om verknadene av Høgre sin landbrukspolitikk ikkje har med at partiet gjev 800 mill. kr i skattelette til landbruket. Notatet reknar på bruk i drift og tek høgde for at Høgre gjev 440 mill. kroner i skattelette til ”dei som er utøvarar i landbruket”. Me har 45.000 føretak i landbruket, men heile 180.000 landbrukseigedommar. Mykje av framleggja til Høgre om skattelette vert gjeve til dei som eig landbrukseigedommar, men som ikkje driv dei. 

Ikkje noko distriktslandbruk med Høgre
Høgrepolitikarar har tatt til orde for at det ikkje er rett at Høgre vil ha full reduksjon i tilskotsatsane i distrikta. – Det vonar heller ikkje Bondelaget at Høgre vil. Difor har ein i rapporten omgjort berre nokre av distriktsverkemidla til pristilskot, medan ein har behalde distriktsprofilen mellom anna på arealtilskota, gjer Bjørke klart. Høgrepolitikarar seier og det ikkje er rett at partiet vil ha full utflating av tilskot etter storleiken på bruk. Men kvifor skriv Høgre då i si alternative landbruksmelding at

  • ”bosetting og sysselsetting ikke skal være et mål for landbruksoverføringene”,
  • ”det er nødvendig å vurdere endringer i tilskuddstrukturen både når det gjelder bruksstørrelser, geografi og områder, med tanke på å oppnå mest mulig effektiv og optimal utnyttelse av våre jordbruksareal”
  • ”verken forbrukeren eller det offentlige bør få en større regning enn det som er kostnaden ved mest mulig effektiv norsk landbruksproduksjon”

– Når Høgre ikkje er opptekne av busetnad og sysselsetjing for landbruksstøtta, og ein samstundes ynskjer eit mest mogleg effektivt landbruk, finn eg ikkje ei grunngjeving i politikkutsegna til Høgre for å ha høgare tilskotsatsar for dei mindre gardsbruka, seier Bjørke, og legg til at Høgre er opptekne av å utnytte stordriftsfordelane mest mogleg, og då er det inkonsekvent å differensiera satsar etter struktur, og stimulere til små einingar. Slik tolkar me Høgre sin politikk, og difor har me i reknestykka våre fjerna trappetrinna etter bruksstorleik i tilskotsordningane. 

Det vert og peika på at sidan dei raudgrøne tok over har talet på gardsbruk gått ned med nesten 8.000. Høgre spør om det er denne politikken Bondelaget ønskjer skal vidareførast. – Nei, me ynskjer ei større satsing på landbruk, for å kunne auke produksjonen av mat i takt med folketalet. Då vil det og vere naudsynt med fleire bruk i drift. Rapporten frå Bondelaget på Høgre sin politikk syner at med Høgre sin politikk, vil landbruket måtte leggje ned like mange bruk kvart år i neste regjeringsperiode som i dei to siste regjeringsperiodane til saman, dersom attverande bruk skal få ei inntektsutvikling som andre yrke, slår Bjørke fast.

Bondelaget er talerøyr for landbrukspolitikken, ikkje for noko parti
Norges Bondelag er partipolitisk nøytrale, men ikkje landbrukspolitisk nøytrale. – Me peikar på feil med landbrukspolitikken for alle parti, uavhengig av farge, der me meiner dei ikkje er gode nok. Bondelaget er heller ikkje redde for å koma med ros når partia fortener det, om dei er raud-grøne eller blå, seier Bjørke.