Det er ikkje kvar dag kong Harald møter verdas nordlegaste mjølkebonde.

Torsdag 1. september stelte kongeparet til fest i sin eigen hage, Slottsparken. 1500 gjestar frå alle norske fylke og Svalbard var invitert på hagefest i Dronningparken i høve at kongeparet har sete på trona i 25 år. Kongeparet har ønskt å samle eit Noreg i miniatyr, og ein av dei inviterte gjestane var Lise Kaldahl Skreddernes, verdas nordlegaste mjølkebonde i Bekkarfjord i Finnmark, ein flott representant for det mangfaldige norske landbruket.

- Det er utruleg spennande å få vere med på dette, sa Lise Kaldahl Skreddernes før ho skulle gå inn porten til hagefesten. I tillegg til å vere verdas nordlegaste mjølkebonde har ho fleire verv innafor landbruket, og ho har fronta norske bønder gjennom Norges Bondelag sin kampanje Norge trenger bonden. På festen til kongeparet hadde ho følgje av kollega Erik Dahl frå Bamble.

Mjølkebønder alle tre

Erik Dahl og Lise K. Skreddernes på veg til hagefest i Slottsparken.

- Vi er jo eigentleg mjølkebønder alle tre, både kongen, Lise og meg, sjølv om kongen ikkje driv sjølv. Så eg kjem til å presentere meg som mjølkebonde om eg får helse på kongen, sa Erik Dahl før han gjekk inn på festen. Han er ein av mange dyktige og hardtarbeidane tillitsvalde i Norges Bondelag, som  leiar i Bamble Bondelag. Lokallaget vart kåra til årets lokallag i Norges Bondelag i fjor, og han stilte i bunad med Bondelagets logo på jakketslaget.

- Kva kjem de til å snakke med kongeparet om på festen?

- Eg har ikkje tenkt så mykje på det, for eg reknar med at dei har mange dei skal prate med. Men vi har jo ei felles interesse for friluftsliv, og kongefamilien har vore mykje i Finnmark, seier Lise K. Skreddernes.

Erik Dahl stiller med Bondelagets logo på bunadsjakken på hagefest hos kongeparet i dag.

- Eg veit at kongen har vore på jakt i nærleiken av der eg bur, så om eg skulle få ein prat med han, kjem eg til å snakke om det. Uansett er det kjempestort berre å få komme hit, seier Dahl. - Og eg var nettopp på Kongsgården og kika på mjølkeproduksjonen der.. Det kan eg jo seie til han, sa Erik Dahl før festen, og seinare fekk han også slått av ein prat med kongen.

God stemning då kong Harald møtte lokallagsleiaren i Bamble Bondelag på hagefest i Slottsparken.

Håpar på norske råvarer

Dei to bøndene håpar at kongeparet serverer mat får det norske landbruket når dei inviterer 1500 gjestar på besøk.

- Kongefamilien er avhengig av produkta frå det norske landbruket, sånn som alle oss andre, seier dei to.

Ifølgje kongehuset sine eigne nettsider har det blitt lagd 24.000 kanapear til hagefesten. I tillegg til servering blir det også tale frå kongen og underhaldning på festen som varar mellom klokka 14 og klokka 16 i dag. Det er også fleire bønder på gjestelista, frå fleire av landets fylke.