Bilettekst: Berit Hundåla (t.h) takka av etter 2 år som europeisk representant i WFO-styret. Her deltok ho saman med resten av styret i offisiell opning av ei sake-tønne (japansk risvin), foto: Hildegunn Gjengedal. Rundt 120 representantar frå vel 40 land var samla til generalforsamling i World Farmers Organisation (WFO) i Niigata i Japan 15.-18.april. Organisasjonen vart starta frå to år sidan, etter at den gamle verdsorganisasjonen for bønder, IFAP, vart lagt ned.

- Eg synest vi har lukkast i å få på beina ein viktig og demokratisk organisasjon for verdas bønder. Det er viktig at vi tek vare på dette når organisasjonen skal utvikle seg vidare. Vi er heilt avhengige av å ha ein slik organisasjonen som taler bøndene si sak, sa nestleiar Berit Hundåla i Norges Bondelag då ho takka for seg i WFO-styret. Ho har vore Europas representant i styret sidan organisasjonen vart oppretta. President Robert Carlson takka for ein svært aktiv og god innsats frå Hundåla. – Berit let ikkje ting berre gli igjennom, ho vurderte kritisk og konstruktivt alle sakene vi hadde oppe, og var svært fin å ha med i styret, sa Carlson, som vart gjenvald som leiar. Belgiske Piet Vantemsche tek no over stafettpinnen som europeisk styrerepresentant. Kvar verdsdel har sin styrerepresentant.

Ny handelspolitikk

Organisasjonen har som føremål å løfte bøndene si sak inn mot styresmakter på internasjonalt og nasjonalt nivå, media og forbrukarar. Mest spenning var i år knytt til vedtak av eit felles handelsdokument. Siste halvåret har representantar frå alle verdsdelar diskutert utkast til fellespolitikk. - Sluttdokumentet slo fast at alle land må ha rom for å utforme sin eigen landbrukspolitikk der ein skal kunne ta omsyn til landbruket si viktige rolle. Samvirkeorganisasjonane si viktige rolle og rett til å drive marknadsregulering vart også framheva i dokumentet. Men det var også slått fast eit ynskje om betre marknadstilgang og reduksjon i handelsforstyrrande støtte (inkludert prisstøtte). Desse to punkta var ein viktig grunn til at dei to medlemsorganisasjonane frå Noreg, Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke, valde å stemme imot dokumentet, som likevel fekk fleirtal. Sveits og Argentina stemte også imot. Fleire andre land var i tvil om dei kunne stemme for dokumentet av same grunnar som Noreg, men meinte dei kunne leve med teksten.

Klima og matkjede

Tidlegare har organisasjonen uforma felles dokument om klima, matsikkerheit og matkjedeproblematikk. Desse tema sto også i år høgt på dagsordenen, saman med kvinnepolitikk. Eigne komitéar for kvinner og ungdom vart oppretta.

- Hadde kvinnene fått like rettar som menn til ressursar som jord og kredittar, kunne vi brøfødd 150 millionar fleire menneske, slo Luc Guyau frå FAO (FNs matorgan) fast.

Frå Norges Bondelag deltok nestleiarane Berit Hundåla og Brita Skallerud, assisterande næringspolitisk sjef Anne Thorine Lundstein og seniorrådgjevar Hildegunn Gjengedal. Frå Norsk Landbrukssamvirke deltok nestleiar i Nortura, Kari Redse Håskjold, og Arne-Ivar Sletnes og Kai Norman Hansen frå administrasjonen.

Neste års generalforsamling blir i Argentina.

Les meir om WFO og generalforsamlinga

Handelsdokumentet frå generalforsamlinga