Venstre la fram budsjettforslag

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Vil behalde skattefritak ved sal av gardsbruk innafor familien.

Venstre og Trine Skei Grande får ros for å behalde skattefritak på gardsoverdragingar i forslaget til statsbudsjett for 2016. Bildet av Lars Petter Bartnes, Trine Skei Grande og Per Skorge er tatt tidlegare i år.

- Eg er glad for at Venstre på same måte som KrF går inn for å oppretthalde denne viktige skatteordninga for landbruket, seier generalsekretær i Norges Bondelag, Per Skorge.

Regjeringa sitt forslag om å fjerne skattefritak på eigedomsoverdragingar innafor familien, ville fått store konsekvensar for unge bønder som skal ta over gardsbruk. For enkelte bruk er det snakk om fleire hundre tusen kroner i skatteskjerpingar. Tre av fire gardsbruk blir i dag overdratt innafor familien.

- Dette er ei svært viktig sak som ville fått konsekvensar for mange, særleg unge bønder som vil inn i næringa. Venstre viser her at dei tar rekruttering til landbruket på alvor, og det er positivt.

Nullmoms på frukt og grønt, full moms på resten

Eit anna forslag i Venstre sitt statsbudsjett for 2016, er å fjerne momsen på grønsaker, frukt og økologiske matvarer, og ha 24 prosent moms på all annan mat.

- Det er bra at Venstre vil ha nullmoms på frukt, grønt og økologiske varer, men det er lite meiningsfullt når dei aukar momsen på all annan mat, seier Per Skorge.

I 2001 vart matmomsen senka frå 24 til 12 prosent, etter stort påtrykk frå Norges Bondelag og andre aktørar. Dette er ei sosial innretning som har gitt god effekt. Bondelaget ønskjer nullmoms for alle matvarer.

- Vi  burde senke momsen på sunn mat og heve den på usunne varar som snacks, godteri og brus. Det er ein betre måte å stimulere forbrukarane til å velje sunt i matbutikken, seier Per Skorge.

Vil kutte Jarlsberg-eksport

Venstre foreslår også å leggje ned eksporten av Jarlsberg-ost, ein anerkjent norsk merkevare i utlandet.

- Dette utgjer 8 til 9 prosent av norsk mjølkeproduksjon og vil gå utover både bonden og matvareindustrien. Ein så stor reduksjon av mjølkeproduksjonen vil særleg gå utover dei som har investert dei siste åra, seier Per Skorge. Han saknar stoltheit over merkevaren Jarlsberg, som er bygd opp over fleire tiår.

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
23
Mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus
Onsdag
23
Mai

Styremøte

Landbrukets hus
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere