Christine Tacon presenterte denne veka den fyrste årsrapporten om tilstanden i den britiske daglegvarebransjen.

Denne veka la den britiske ombodspersonen, eller adjudicator (voldgiftsdommar), fram sin fyrste årsrapport i London.  Christine Tacon er leiar for kontoret med til saman fem tilsette. Kontoret skal overvake den nye lova og ta eventuelle saker vidare i systemet. Dei skal også drive opplæring og kan kanskje på den måten førebygge at konflikter oppstår.

- Få område har hatt så godt belegg for behovet for lovregulering. Marknadsforstyrringane har hatt negativ effekt på forbrukarane. Lova gjer faktisk ein skilnad, men det er framleis tidleg i prosessen. Det går i rett retning, seier styreleiar Andrew McCarthy i British Brands Group, som representerer britiske merkevareleverandørar.

Storbritannia har vore eit føregangsland for å innføre ei eiga lov og ombod for verdikjeda for mat. Dette arbeidet har inspirert forslaget til norsk lov om god handelsskikk, som framleis ligg til handsaming i regjeringa.

Frivillig ordning fungerte ikkje

Lova gjeld forholdet mellom daglegvarekjedene og leverandørane, og har som formål å sikre at daglegvarekjedane handsamar leverandørane på ein lovleg måte og i tråd med god handelsskikk. Lova gjeld dei ti største daglegvarekjedane, som har ei omsetning på minimum 1 milliardar pund i året (ca 10 mrd kroner). Daglegvarekjedane finansierer ordninga gjennom avgifter.

Ordninga pålegg mellom anna daglegvarehandelen å betale varene i tide, varsling i god tid og kommersielle grunnar for å ta varene til ein leverandør ut av hyllene, forbod mot krav om betaling for marknadsføring og hylleplassering, og for skade og svinn oppstått etter at vare er levert. Mykje av dette kan verke sjølvsagt, men ei spørjeundersøking lagt fram same dag viste at under 50% av leverandørane hadde skriftlege avtaler med daglevarekundane. Storbritannia har tidlegare prøvd eit frivillig system som ikkje fungerte. Handelstilsynet kan no ilegge bøter. Tacon påpeikar at dette er svært viktig for at systemet skal fungere. Ho kan også namngi kjedane. Det var brei politisk semje om å innføre lova.

Ikkje mål om mange saker

Sjølv om det enno ikkje har kome fram mange saker, er ikkje Christine Tacon uroleg:
- Det er ikkje eit mål i seg sjølv å få fram mange saker til domstolen, seier Tacon, som er meir oppteken av at partane sjølve kjem fram til løysingar.
- Utgangspunktet er avtalene mellom partane. Lova handlar om endringar og overraskingar knytt til avtala, påpeikar Tacon.

Ho trekker også fram ein klar suksess etter fyrste året. Etter påtrykk frå Tacon har partane inngått ei frivillig avtale om at daglegvarekjedane ikkje kan krevje betaling for varer lenger enn 2 år tilbake i tid. Før var det vanleg at daglegvarekjedane kom til leverandør opp til 6 år i etterkant og kravde betaling for ulike tenester. Opplæring og kontakt med bransjen har vore svært viktig fyrste året, og Tacon har skapt seg eit godt overblikk over utfordringane i bransjen gjennom 100 møte med til saman 3000 personar. Det synest også daglegvarekjedane sjølve er positivt.

- Vi har fått ein heilt annan kontakt med styresmaktene etter at lova vart innført, seier Steve Butt frå ei av dei største daglegvarekjedene, Morrison. Han er kontaktpunkt for matkjedesaker i Morrison, ei av dei største daglegvarekjedene i Storbritannia. Alle kjedene er gjennom lova pålagde å ha eit slikt kontaktpunkt.

 

Bøndene nøgde

Også bøndene er nøgde med at den nye lova med voldgiftsdommaren er innført.
- Vi har jobba for dette i 15 år og veldig godt nøgd med at denne lova kom, sa Phil Hudson frå det britiske bondelaget NFU. Dei ynskjer på sikt å utvide ordninga til å gjelde heile verdikjeden for mat.

Det ynskjer ikkje Food and Drink Federation, tilsvarande NHO Mat og Drikke i Noreg. NFU og Food and Drinks er likevel samde om at det er viktig med lovregulering, og at dei har ein jobb å gjere med å få leverandørane til å kome fram med saker:

- Vi har hatt møte med Tacon der fleire leverandørar har kome med døme på brot på lova. Men når eg ber dei kome med skriftlege innspel i etterkant, kjem det ingenting, sa Steve Barnes frå Food and Drink Federation under konferansen.

NFU prøver også å få sine medlemmer på bana ved å be om innspel og gi råd om tilfelle dei meiner tyder på brot på den nye lova.

Redde for å anmelde

Tacon ynskjer seg også fleire skriftlege innspel frå leverandørane. Samtidig viser ei spørjeundersøking at frykt for straff er største grunn til at leverandørar ikkje anmelder saker. Dette trass i at anmeldarar er lova full anonymitet. Sjølv om undersøkinga også viser at under 20% av leverandørane meiner lova har ført til endringar, seier nærare 40% at dei kunne ha tenkt seg å anmelde ei sak. Mellom 35 og 40% av leverandørane har opplevd lovbrot knytt til endring av avtale, urettmessige krav om å betale for forbrukarklager og marknadsføringskostnader, og forseinka betaling. Berre 20% seier dei ikkje har opplevd tilfelle som er regulert av den nye lova.
 
- Det er ein heil kultur som skal endrast, og det tek tid, seier Christine Tacon.