Fakta om Bønder støtter bønder:
- Solidaritetsprosjektet "Bønder støtter bønder" er ein del av Utviklingsfondet sitt arbeid i Malawi
- Norges Bondelag og Norges Bygdeungdomslag bidrar med 350.000 kroner til prosjektet i året.
- Bidraga frå Bondelaget blir brukt til å kjøpe såkorn og husdyr til bønder i Malawi, og til å utdanne modellbønder, som lærer opp andre bønder i sitt nærmiljø.

I midten av februar, midt i vekstperioden i Malawi, reiste bønder og organisasjonsfolk frå Norges Bondelag og Norges Bygdeungdomslag til det afrikanske landet for å sjå korleis landbruket blir drive der.

Får til mykje med lite

- Vi driv på eit heilt anna grunnlag og ein heilt annan måte enn det dei gjer. Dei har ingenting, men dei klarer likevel å skape avlingar og skape ein produksjon. Vi hadde ikkje klart å utrette på langt nær så mykje med det utgangspunktet og det verktøyet dei har, seier Frøydis Haugen, mjølkebonde i Bergen og 2. nestleiar i Norges Bondelag.

Vi hadde ikkje overlevd som bønder der nede i 14 dagar ein gong. Det dei gjer er så enkelt at vi ikkje tenkjer på det.

Den frodige innlandsstaten Malawi har mange moglegheiter for matproduksjon. Gjennom solidaritetsprosjektet «Bønder støtter bønder» i regi av Utviklingsfondet, bidrar Norges Bondelag til å utvikle landbruket i landet. Prosjektet utdanner mellom anna modellbønder og gir dei kunnskap om korleis dei får mest mogleg att for matjorda si.Fjøs i Malawi

Bøndene var uroa for tørke

Da Frøydis Haugen og dei andre nordmennene kom til Malawi, hadde ikkje regna på ein månad. Det påverka alle modellbøndene dei besøkte.

- Det var surrealistisk å stå ute i dei knusktørre maisåkrane, der alt var berre støv. Plantane hadde begynt å henge med hodet, og vi såg på bøndene som fortalte oss om produksjonen sin, kor uroa dei var. Det måtte komme regn den veka vi var der, viss ikkje ville alle avlingane bli øydelagte, fortel ho.

Ei av modellbøndene ho møtte i Malawi, er Fanny som har fått tre geiter gjennom prosjektet og som har bygd seg fjøs. Dei som får geiter gjennom prosjektet, må gi kje vidare til andre, og på den måten bidra til at andre kan starte eige husdyrhald.

- Ho får opplæring i husdyrhald gjennom prosjektet for å kunne bruke gjødsla i maisproduksjonen. Ho har også lært seg dyrkingsmetodar som gjer at ho har greidd å tredoble avlinga. Frå knapt å vere sjølvforsynt, kan ho no selje ein del av det ho dyrkar.

Ein av modellbøndene viser fram maisåkeren sin

Får til enormt mykje

Prosjektet «Bønder støtter bønder» gjer også mykje anna. Det blir til dømes jobba mykje med treplanting for å få jorda til å binde seg, sidan erosjon er eit stort problem der. Det blir drive fiskeoppdrett, og i eit forsøksfelt blir det dyrka ulike sortar grønnsaker og anna for å teste ulike frø for å sjå kva dei skal tilrå bøndene å så for best mogleg avlingar. Ein frøbank sikrar tilgang på frø.

- Dei får til enormt mykje for pengane som blir samla inn. Petter Harald Kimo som var med på turen, samla inn 11500 kroner til Malawiprosjektet i samband med bursdagen sin, og det gir grunnutdanning for 2 til 3 bønder, eller 30 grisar eller 70 geiter, fortel Frøydis Haugen. 

- Har ein norsk bonde noko å lære av ein bonde i Malawi?

- Reint fagleg er det ikkje noko å lære. Vi dyrkar ikkje det same, og husdyrhaldet vårt er på eit heilt anna nivå enn deira. Det er som at vi lever i ei anna tid enn dei. Men det er mykje lærdom i det at vi har felles utfordringar. Dei slit og kjempar for marknadsrettane sine, og er heilt i startgropa på det vi starta på for 150 år sidan, med å lage samvirke. I dag tar vi dette for gitt, men når vi ser korleis dei strevar i andre enden av skalaen, er det ein viktige augeopnar for oss.

Klimasmart landbruk

Meir energieffektive omnar skal hindre avskoging.

Ein ting norske og malawiske bønder snakkar mykje om, er klimasmart landbruk og å utvikle ny teknologi.

- I starten vart vi ganske imponert over at dei snakka så mykje om det, men vi skjønte også at vi på desse felta var på ulike nivå. Men dei tiltaka dei jobbar med er svært viktige der, seier Frøydis Haugen.

- Teknologiutvikling for dei er rett og slett å lære seg å lage groper i staden for ranker når dei sår. Det er eigentleg meir snakk om teknikk enn teknologi. Eit klimasmart tiltak dei jobbar med, er å få meir effektive vedomnar til matlaging, for å hindre avskoging. Skogen gir også grunnlag for honningproduksjon, som igjen gir inntekt. Det er også ein god motivasjon for folk til ikkje å hogge unødvendig mykje skog, fortel Haugen.

Regnet kom til slutt

Og så var det dette vêret, då. Då den norske delegasjonen satt i bilen til flyplassen, begynte regndropane å piske mot bilruta. Og det var ikkje heimlengta til Vestlandet som gjorde at Frøydis Haugen vart så rørt av regnet.

- Då det begynte å plaske ned utanfor bilen, var det ei heilt spesiell kjensle. Det var akkurat det dei trong. For meg som er bonde på Vestlandet, er ikkje tørke noko problem. Men i fjor sommar regna det heile tida og eg hadde 70 prosent avlingssvikt, så eg kunne kjenne på den same desperasjonen. Heldigvis vart avlingane til bøndene vi møtte i Malawi redda av dette regnskyllet, avsluttar Frøydis Haugen.