Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes besøkte i dag nokre av dei mange bøndene i dei to Agder-fylka som har fått store skader på avlingane og eigedomane sine, etter flaumen sist veke. Det gjorde inntrykk på Bondelags-leiaren å sjå øydeleggingane kollegaene i sør står midt i om dagen, og Bartnes ber no regjeringa ta ansvar i det kommande statsbudsjettet.

- Dei må prioritere å styrke overføringane over statsbudsjettet til NVE (Norsk vassdrags- og energidirektorat), for å gjere direktoratet i stand til å førebyggje dramatiske flaumar i vassdrag. På den måten unngår samfunnet å måtte bruke store summar på å reparere øydeleggingar, seier Lars Petter Bartnes.

Dronebilde av Rugslandsbroa. Her renska elva med seg over 80 mål med matjord, og erstatta det med grus og stein. Foto: Harald Rugsland

Grunnlaget for å produsere mat blir svekka

- Noko av den mest produktive matjorda her til lands ligg i dalbotnene, parallelt med elvene. Det gjer at hyppige flaumar forringar produksjonsjorda og svekkar grunnlaget for å produsere mat. Kvar enkelt bonde får også redusert grunnlaget for sin næringsaktivitet, seier Bartnes.

- Det er dramatisk for enkeltbønder som har fått øydelagt betydelege avlingar på grunn av vassskader, men det er også vondt å sjå korleis matjord er vaska vekk mens steinmassane ligg igjen der ein har satsa på matproduksjon. Det gir varige skadar i generasjonar framover.

Ein av dei som er hardast ramma av flaumen, er Leif Johann Rugsland i Birkenes.

- Dette er noko som ingen her har opplevd før, så ekstreme vassmengdar på ein gong. For min del er det rundt 150 mål med potet som har vore under vatn eller i nærleiken av vatn og som sannsynlegvis ikkje kan haustast. Men det som er verre er all jorda som er vekke, seier Rugsland.

140 lastebillass vatn i sekundet

Leif Johann Rugsland har mista store avlingar og mykje jord i flaumen.

På om lag 80 mål av jorda hans er sjølve jordlaget vaska vekk av elva og erstatta med stein og grus. Mest tydeleg er det på den delen av jordet der potetane som låg under jord står att, mens jordlaget er vekke.

- Dei om lag 600 tonna med potet som truleg er tapt i år, er no ein ting. Men når jorda er vaska vekk, veit vi ikkje om vi har noko jord å dyrke neste år. Det er mykje verre. Eg håpar berre at eg kan få tak i ny jord, eg har ikkje nokon plan B, seier han, og viser fram bilde som vart tatt med drone då elva åt seg innover eigedomen hans som ligg  7 til 8 meter høgare enn der vatnet vanlegvis går.

- På det verste gjekk det vatn tilsvarande 140 lastebillass gjennom vassdraget her kvart sekund. Vi treng flaumsikring eller ei betre regulering av vassdraga for å hindre at slikt skjer igjen, seier den unge bonden i Birkenes.

Mjølkebilen kom ikkje fram

Halvor Bjerland viser Lars Petter Bartnes kvar elva tok vegen sist helg.

Situasjonen ser langt betre ut for mjølkebonden Halvor Bjerland i Songdalen, sjølv om elva gjekk over breiddene sine og mykje av jorda han dyrkar gras på stod under vatn.

- Jorda har stått under vatn, og vi var isolert eit par døgn fordi vegen raste ut. Mjølkebilen kom seg ikkje fram hit sist søndag, så mjølka gjekk dessverre i gjødselkjellaren. Bortsett frå det har vi vore heldige, seier Bjerland, som måndag føremiddag kunne slå den siste slåtten på graset som stod under vatn for ei veke sidan.

- Eg har absolutt vore heldig, for det var fire meter vatn på jorda rundt her, og det var ein meter med vatn på vegen. Denne elva ser uskuldig ut i dag, men det var ho ikkje sist søndag og måndag. Heldigvis hadde eg lagt rundballane høgt oppe, så eg slapp å miste dei på elva, seier Bjerland.

Rundballar i fri flyt

Mange andre bønder har vore mindre heldige. Hallvard Forgard frå Åseral brukte fleire dagar sist veke på å fiske opp rundballar frå elva. På Øyslebø i Marnardal måtte bøndene ta på seg vadarar og bruke wire for å sanke inn rundballane som fløyt på jordet. På jordet ved sidan av prøver potetbonde Thore Dahl no å hauste den poteten han ikkje fekk tatt opp før flaumen.

- Nærmare 50 mål av jorda mi stod under vatn, og ein åtte-ti av dei måla hadde vi ikkje hausta. Det held vi på med no og eg er spent på kvaliteten.

Finans Norge melder i dag at flaumen på Sørlandet så langt har eit skadeomfang på 500 millionar kroner.