Varige skadar etter flaum

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Usland, Bartnes og Ulltveit
Lars Petter Bartnes møtte flaumramma bønder i lag med styremedlem Birte Usland (t.v.) og leiar i Aust-Agder Bondelag, Knut Erik Ulltveit (t.h.) Leiar i Vest-Agder Bondelag, Tor Erik Leland var også med på turen.

- Regjeringa må løyve meir pengar til å førebyggje dramatiske flaumsituasjonar, seier Bondelags-leiar Lars Petter Bartnes etter besøket hos flaumramma kollegaer på Agder.

Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes besøkte i dag nokre av dei mange bøndene i dei to Agder-fylka som har fått store skader på avlingane og eigedomane sine, etter flaumen sist veke. Det gjorde inntrykk på Bondelags-leiaren å sjå øydeleggingane kollegaene i sør står midt i om dagen, og Bartnes ber no regjeringa ta ansvar i det kommande statsbudsjettet.

- Dei må prioritere å styrke overføringane over statsbudsjettet til NVE (Norsk vassdrags- og energidirektorat), for å gjere direktoratet i stand til å førebyggje dramatiske flaumar i vassdrag. På den måten unngår samfunnet å måtte bruke store summar på å reparere øydeleggingar, seier Lars Petter Bartnes.

Dronebilde av Rugslandsbroa. Her renska elva med seg over 80 mål med matjord, og erstatta det med grus og stein. Foto: Harald Rugsland

Grunnlaget for å produsere mat blir svekka

- Noko av den mest produktive matjorda her til lands ligg i dalbotnene, parallelt med elvene. Det gjer at hyppige flaumar forringar produksjonsjorda og svekkar grunnlaget for å produsere mat. Kvar enkelt bonde får også redusert grunnlaget for sin næringsaktivitet, seier Bartnes.

- Det er dramatisk for enkeltbønder som har fått øydelagt betydelege avlingar på grunn av vassskader, men det er også vondt å sjå korleis matjord er vaska vekk mens steinmassane ligg igjen der ein har satsa på matproduksjon. Det gir varige skadar i generasjonar framover.

Ein av dei som er hardast ramma av flaumen, er Leif Johann Rugsland i Birkenes.

- Dette er noko som ingen her har opplevd før, så ekstreme vassmengdar på ein gong. For min del er det rundt 150 mål med potet som har vore under vatn eller i nærleiken av vatn og som sannsynlegvis ikkje kan haustast. Men det som er verre er all jorda som er vekke, seier Rugsland.

140 lastebillass vatn i sekundet

Leif Johann Rugsland har mista store avlingar og mykje jord i flaumen.

På om lag 80 mål av jorda hans er sjølve jordlaget vaska vekk av elva og erstatta med stein og grus. Mest tydeleg er det på den delen av jordet der potetane som låg under jord står att, mens jordlaget er vekke.

- Dei om lag 600 tonna med potet som truleg er tapt i år, er no ein ting. Men når jorda er vaska vekk, veit vi ikkje om vi har noko jord å dyrke neste år. Det er mykje verre. Eg håpar berre at eg kan få tak i ny jord, eg har ikkje nokon plan B, seier han, og viser fram bilde som vart tatt med drone då elva åt seg innover eigedomen hans som ligg  7 til 8 meter høgare enn der vatnet vanlegvis går.

- På det verste gjekk det vatn tilsvarande 140 lastebillass gjennom vassdraget her kvart sekund. Vi treng flaumsikring eller ei betre regulering av vassdraga for å hindre at slikt skjer igjen, seier den unge bonden i Birkenes.

Mjølkebilen kom ikkje fram

Halvor Bjerland viser Lars Petter Bartnes kvar elva tok vegen sist helg.

Situasjonen ser langt betre ut for mjølkebonden Halvor Bjerland i Songdalen, sjølv om elva gjekk over breiddene sine og mykje av jorda han dyrkar gras på stod under vatn.

- Jorda har stått under vatn, og vi var isolert eit par døgn fordi vegen raste ut. Mjølkebilen kom seg ikkje fram hit sist søndag, så mjølka gjekk dessverre i gjødselkjellaren. Bortsett frå det har vi vore heldige, seier Bjerland, som måndag føremiddag kunne slå den siste slåtten på graset som stod under vatn for ei veke sidan.

- Eg har absolutt vore heldig, for det var fire meter vatn på jorda rundt her, og det var ein meter med vatn på vegen. Denne elva ser uskuldig ut i dag, men det var ho ikkje sist søndag og måndag. Heldigvis hadde eg lagt rundballane høgt oppe, så eg slapp å miste dei på elva, seier Bjerland.

Rundballar i fri flyt

Mange andre bønder har vore mindre heldige. Hallvard Forgard frå Åseral brukte fleire dagar sist veke på å fiske opp rundballar frå elva. På Øyslebø i Marnardal måtte bøndene ta på seg vadarar og bruke wire for å sanke inn rundballane som fløyt på jordet. På jordet ved sidan av prøver potetbonde Thore Dahl no å hauste den poteten han ikkje fekk tatt opp før flaumen.

- Nærmare 50 mål av jorda mi stod under vatn, og ein åtte-ti av dei måla hadde vi ikkje hausta. Det held vi på med no og eg er spent på kvaliteten.

Finans Norge melder i dag at flaumen på Sørlandet så langt har eit skadeomfang på 500 millionar kroner. 

Kornet tørker bort på Romerike.

For seint for kornet

Årets kornavling kan bli om lag halvparten av det normale, mens mye av graset fortatt kan berges.

Frokostseminar om Klimasmart Landbruk, 18. juni

Status og fremdrift for Klimasmart Landbruk

Klimasmart Landbruk er næringas viktigste fellessatsing for å redusere klimaavtrykket på norske gårdsbruk. Se opptak fra frokostseminar for å lære mer om prosjektet og videre arbeid fremover.

Nedbygging av matjord

Mindre matjord omdisponert i 2017

Ferske tall fra SSB viser at 4025 dekar dyrka mark matjord ble omdisponert til andre formål enn landbruk i 2017. Dette er en nedgang på nesten 2000 dekar fra i 2016.

Forholdstallet for kvote på kumelk økes fra 0,98 til 0,99

Etter ekstraordinære kvotedrøftinger for kumelk for 2018 mellom Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Landbruks-og matdepartementet, ble man enige om å øke forholdstallet for disponibel kvote fra 0,98 til 0,99. Tørke og usikkerhet om fôrsituasjonen spilte inn på beslutningen.

Styret i årsmøtesalen

Nullvisjon for dårleg dyrevelferd

Norges Bondelag godtar ikkje dårleg dyrevelferd og vil ha nullvisjon for dyrevelferdssaker. Det inneber at regelverket på dyrevelferd skal følgjast på alle norske husdyrbruk.

Årsmøte 2018

Se opptak fra Bondetinget 2018

Norges Bondelag sitt årsmøte gikk av stabelen 6. og 7. juni på Lillehammer. Her kan du se opptak fra innledninger og debattene.

Lars Petter Bartnes

Bartnes gjenvalgt som leder i Norges Bondelag

Norges Bondelag samlet til årsmøte på Lillehammer 6. og 7. juni har i dag gjenvalgt Lars Petter Bartnes (49) som leder. Bjørn Gimming er gjenvalgt som 1. nestleder og Frøydis Haugen er gjenvalgt som 2. nestleder for organisasjonen.

Askeladdvinner Fredrik Bye sammen med Knut Nordmo og Lars Petter Bartnes.

Gründerpris til landbruksfilmskaper

Årets vinner av Askeladdprisen er en gründer som lever av å vise fram landbruket. For Fredrik Bye ble filmen han laget av det lokale maskinlaget startskuddet for å få film- og bildeproduksjon som levebrød.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
20
Juni

Generalforsamling i BS

Landbrukets hus
Onsdag
20
Juni

Styremøte i Norges Bondelag

Landbrukets hus
Tirsdag
14
August

Gården som læringsarena i skolen

Auditoriet, Arendal Bibliotek

Våre samarbeidspartnere