Noreg er inne i forhandlingar med Storbritannia om ei handelsavtale no når dei ikkje lenger er medlem av EU.  Etter at britane gjekk ut av EU i januar, gjeld overgangsordningar fram til 2021. For at ei ny avtale skal vere på plass til slutten av året må Stortinget få avtala i byrjinga av oktober.

- Eg vil åtvare regjeringa mot å forhaste seg og gi marknadstilgang på landbruksprodukt i iveren etter å få ei avtale med Storbritannia, sa Bartnes.

Han vektla i møtet den pressa situasjonen for norske jordbruksvarer, og minte om at vi for ikkje lenge sidan har inngått ei handelsavtale med EU som legg til rette for betydeleg auka import.

- Det er urimeleg at Storbritannia skal få auka eksportmoglegheiter til Noreg i tillegg til dette. Dei får ta med seg sin bit av kvotane når dei går ut av EU, sa Lars Petter Bartnes til statsråden.

Folk ønsker norsk mat

Han peika også på den store betydninga landbruket har for sysselsetjing og verdiskaping i distrikta med 90 000 arbeidsplassar i primærledd og industri.

- Sjå berre på til dømes Troms, der jordbruket utgjer 27 prosent av sysselsetjinga i industrien, sa Bartnes.

Koronakrisa har vist at dei norske forbrukarane ynskjer norske jordbruksprodukt. Men samtidig åtvara Bartnes om å lene seg tilbake og stole på at den positive trenden under koronakrisa vil vare.

- Dette kan fort vise seg å vere ein kortsiktig effekt. Då er det ikkje no vi skal gje bort norske marknadsdelar. Vi har framleis store utfordringar i t.d. marknaden for lam og mjølk, sa Bartnes.

Han var også uroa for at regjeringa i sine mål for forhandlingane berre nemner at dei vil verne om sensitive landbruksprodukt. Kva er det, spurte han utan å få eit klart svar. – Vi må verne om heile sektoren og alle produkta, sa Bartnes, og peika på at t.d. mange frukt- og grøntprodukt har dårleg tollvern, samtidig som regjeringa saman med næringa har satt i gang ei satsing på å få opp forbruket av norske frukt og grønt.

Bartnes har ikkje senka guarden etter møtet:

- Vi skal halde fram med å kjempe for landbruksinteressene utover hausten, seier Bartnes.

I møtet deltok også statssekretær Trine Danielsen frå Nærings- og fiskeridepartementet og statssekretær Widar Skogan fra Landbruks- og matdepartementet.