Utsett i tolvte time

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Næringskomiteen skulle i dag avgje si innstilling til jordbruksmeldinga. No er heile stortingsbehandlinga lagt til midt under jordbruksforhandlingane. – Unødvendig, meiner Norges Bondelag.

Fakta om jordbruksmeldinga
- Regjeringas jordbruksmelding vart lagt fram 9. desember.
- Innstillinga frå næringskomiteen skulle vere klar til 23. mars.
- Stortingsbehandlinga var planlagt til 28. mars.
- Innstillinga er utsett til 6. april og stortingsbehandlinga til 25. april
- Årets jordbruksoppgjer startar 26. april

- Regjeringa har gjort denne prosessen unødvendig komplisert. Alt har vore kjent sidan meldinga vart lagt fram 9. desember og det burde ha vore mogleg å bli einige før, seier generalsekretær i Norge Bondelag, Per Skorge.

Det har lengje vore varsla at næringskomiteen på Stortinget skulle komme med si innstilling til jordbruksmeldinga i dag, og at saka skulle opp til behandling i Stortinget tysdag 28. mars. Men i dag tidleg kom beskjeden om at innstillinga er utsett, fordi regjeringspartia Høgre og FrP ifølgje Nationen vil forhandle vidare med samarbeidspartia Venstre og KrF. Det er varsla at innstillinga vil komme 6. april.

- Lite tilfredsstillande situasjon

- Politikarane har skapt forventningar om at vi skulle få svar i dag og ei avklaring i Stortinget i god tid før jordbruksoppgjeret. No får vi ein lite tilfredsstillande situasjon der Stortinget skal behandle jordbruksmeldinga 25. april, som er dagen før jordbruket skal levere vårt krav til årets jordbruksavtale, seier Per Skorge.

Han legg ikkje skjul på at han er skuffa over regjeringspartia si rolle i prosessen.

- Regjeringa har møtt sterk motstand for innhaldet i denne meldinga i fleire månader. Men sjølv ikkje i tolvte time vil dei innsjå at fleirtalet på Stortinget ønsker ein annan landbrukspolitikk. Eg er likevel optimistisk for at næringskomiteen vil levere ei innstilling som legg til rette for landbruk i heile landet, auka norsk matproduksjon og føreseielege rammevilkår for bonden, seier Skorge.

Forventningar til støttepartia

- Eg har store forventningar til at KrF og Venstre vil bidra til å skape fleirtal for dei gode løysingane, i lag med opposisjonspartia.

Fram til no er det dei ulike partia sine medlemmar i næringskomiteen som har forhandla om innstillinga til jordbruksmeldinga. I dag vart det varsla at dei parlamentariske leiarane i Høgre og FrP samt partileiarane i Venstre og KrF no tar over forhandlingane, ifølgje Nationen.

- Det er utruleg viktig for næringa at Stortinget no landar denne saka på ein god måte. Landbruket har vore i høgspenn sidan regjeringa la fram meldinga 9. desember, ei melding som angrip næringa vår frå alle kantar. Eg er overraska og skuffa over at innstillinga ikkje kjem som varsla, avsluttar generalsekretær Per Skorge i Norges Bondelag.

Landbrukspodden Panengstuen

Landbrukspodden om framtida for Nortura

De siste årene har vært preget av svake resultater for Nortura. Høsten 2019 fikk samvirket ny sjef, og vi lurer på hva hun skal gjøre for å snu skuta?

Meld deg på Øko2020!

Hvordan kan landbruket bidra til en mer klimavennlig og bærekraftig framtid? Dette blir et sentralt spørsmål under den nasjonale kongressen om økologisk landbruk 21. og 22.januar.

Er kjøtt bærekraftig

Landbrukspodden om kjøtt og bærekraft

Nok et gjenhør med en populær episode fra året som gikk når vi spør om kjøtt er bærekraftig? Silje Lundberg i Naturvernforbundet og Christian Anton Smedshaug i Agri Analyse er på plass i studio for å gi svar.

Lars Petter Bartnes ønsker god jul, her fra kantina i Landbrukets Hus i Oslo.

Julehilsen fra Bondelagslederen

Når jeg ser tilbake på året tenker jeg at det har skjedd mye. Språkrådet kårer hvert år årets ord, og årets liste er interessant nok i seg selv. Likevel klarte jeg ikke la være å spekulere i hvordan vår liste ville sett ut, og mistenker at disse ordene hadde tronet høyt på toppen; dyrevelferd, melkekutt, grøntsatsing og klimaavtale. Dette er alle ord som det ligger mye bak.

Åpner dørene 

Tirsdag kan du få et innblikk i fjørfeproduksjon, når fjørfebønder deler hverdagen i sosiale medier.

Landbrukspodden oppsummerer halvåret høsten 2019

Landbrukspodden oppsummerer halvåret som gikk

Året nærmer seg slutten og Landbrukspodden tar et tilbakeblikk før jula ringes inn. Det blir rom for både nedturer, oppturer og høydepunkter når Kato Nykvist, politisk redaktør i Nationen, er på plass i studio!

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
22
april

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere