F.v. president Robert Carlson WFO, John Adank forhandlingsleiar landbruk), Shelby Matthews frå COPA-COGECA (EU-bønder og -samvirke) og Jervez Zimba (nestleiar i WFO og leiar for Zambias bondelag), foto: Hildegunn Gjengedal.Sjefsforhandlar Adank trakk fram støtte til lageroppbygging, eksportstøtte og tollkvoteadministrering som moglege område for semje då han møtte WFO.

Møtet skjedde på det årlege forumet til WTO (Verdas Handelsorganisasjon) i Geneve. Der opnar WTO dørene for møte arrangert av WTO eller organisasjonar og bedrifter. World Farmers Organisation (WFO), der Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke er medlemmer, arrangerte eit eige møte om handel og landbruk. WFO vedtok i april eit felles dokument om handel. Dei norske organisasjonane og Sveits valde å ikkje støtte dokumentet, mellom anna fordi det innebar reduksjon i toll og handelsforstyrrande støtte. Dokumentet slo likevel fast at alle land må ha rett til å føre ein politikk som gir rom for matsikkerheit, bygdeutvikling og  miljøomsyn.

Handel bra for matsikkerheit?

- Det er bra WFO har laga eit slik fellesdokument, sa John Adank, som leiar forhandlingane på landbruksområdet. Han peika på at matsikkerheit er stadig meir i fokus, og at matproduksjon er viktig i ein marknad  prega av ustabile prisar.

- Handel er ein effektiv måte å betre matsikkerheiten på, sa Adank. Representantane frå Noreg, Canada og Sveits peika derimot på at det er svært viktig å ha ein eigen matproduksjon i alle land, og ikkje gjere seg avhengig av matimport frå nokre få område i verda.

Tre tema på bordet

Adank peika på tre område innan landbruk der det vart jobba med å finne semje fram mot det neste ministermøtet på Bali i desember. Det eine dreier seg om eit forslag om fleksible reglar for u-land for å kunne bygge opp matvarelager for å sikre mat til eige folk. Det andre området dreier seg om restriksjonar på bruk av eksportstøtte/eksportkredittar. Det tredje området dreier seg om administrering av tollkvotar.

Noreg var representert på WFO-møtet med nestleiar Kristin Ianssen i Norges Bondelag, Arne Ivar Sletnes frå Norsk Landbrukssamvirke og Hildegunn Gjengedal frå Norges Bondelag. Dei deltok også i eit møte med bondeorganisasjonar frå Korea, Sveits, Canada og Frankrike, som for eit par år sidan lanserte eit felles dokument om WTO-forhandlingane der retten til eigen matproduksjon står i fokus. Dokumentet er underteikna bondeorganisasjonar i fleire afrikanske, asiatiske, europeiske land og Canada. Organisasjonane vart samde om å møtes igjen på Bali og lansere dokumentet på nytt.