Usikker på kva Trump vil bety for landbruket

Av Hildegunn Gjengedal,
  • Tips en venn om denne siden

Appelsinbonde Mike Carter
Appelsinbonde Mike Carter i Florida er meir uroa over sjukdom på appelsinane enn handelspolitikk akkurat no.

Amerikanske bønder er framleis avventande til kva Trump vil bety for landbruket. Handels- og innvandringspolitikken er ikkje nødvendigvis på linje med Florida-bøndenes interesser.

- Rettferdig handel er vel det vi treng, seier appelsinbonde Mike Carter når vi møter han på garden like ved Arcadia i Florida. Der leverer han appelsinar frå 16 000 appelsintre direkte til juiceprodusenten Tropicana. Selskapet starta sin produksjon nettopp i USAs største appelsinstat Florida i 1947, men no produserer dei også i m.a. Brasil, som slik sett er ein konkurrent til den amerikanske appelsinproduksjonen. Men Carter ser på dei som meir supplerande. – Dei åra vi har underskot supplerer vi marknaden med brasiliansk produksjon.

Han har framleis tru på opne grenser, men innser samtidig at mange av hans kollegaer som driv med grønsaker i Florida, er meir uroa over konkurransen frå importerte produkt.

Florida kritisk til NAFTA og treng innvandrarar

- Vi var imot inngåing av NAFTA (handelsavtale mellom USA, Mexico og Canada) på grunn av aukande konkurranse frå Mexico. Der skilde vi oss ut frå resten av Farm Bureau, skyt Andy Nuhoser frå Florida Farm Bureau inn. Organisasjonen utgjer det største bondelaget i USA med rundt 6 millionar medlemmer.

I motsetnad til National Farmers` Union, som er medlem i World Farmers` Organisation, støttar Farm Bureau tradisjonelt republikanarane, og viste si støtte til Trump med ein traktorkortesje på innsetjingsdagen. Men dei er frihandelsvenlege og for stillehavsavtala TPP som Trump stoppa fyrste dag på kontoret. Farm Bureau ynskte heller ikkje ei reforhanding av NAFTA. Dei er også uroa over at Trump skal provosere den viktige eksportmarknaden Kina. Viktigaste eksportmarknadene for amerikanske jordbruksprodukt er: 1. Canada 2. Kina 3. Mexico. 11 av dei 15 viktigaste eksporterande statane stemte for Trump.

Eg merkar at storfemarknaden er rolegare no enn den har vore det siste 1,5 året med valkamp. Men det kunne ha vore det same om Hillary Clinton vart vald..

Avhengige av mexicansk arbeidskraft

Dei amerikanske bøndene, inkludert Mike Carter, er også svært avhengige av arbeidskraft frå Mexico, og ynskjer seg meir fleksible visareglar og mindre byråkrati rundt arbeidskrafta. Trump ynskjer som kjent strengare innvandringsreglar.

Carter er også eit aktivt medlem i Farm Bureau. Men akkurat no er største uroa ikkje handel, men sjukdommen på appelsinane som dei kallar ”greening”, eller HLB på fagspråket. Den har gitt over 70 prosent reduksjon i avlingane siste åra. Sjukdommen kom opprinneleg frå Kina, og førebels har dei ikkje funne ein kur. I år prøver Carter ein antibakteriell miks som han håpar kan hjelpe, og det blir også forska på GMO-metodar for å få bukt med sjukdomen.

Eksporterer 65 prosent

Storfebonde og kvegauksjonist Carl McKettrick  veit ikkje kva han kan vente av Trump. Veksten i marknaden må kome frå eksport, trur han.

Ikkje langt unna Carter møter vi storfebonden Carl McKettrick. Han driv kjøtproduksjon med 800-900 dyr plassert rundt på ulike beite. Han driv også Arcadia Stockyard med kvegauksjonar.  65 prosent av produksjonen hans blir eksportert, så handelspolitikken er viktig.  

- Vi har ikkje så mykje meir rom til å vekse her i USA. Veksten i vår marknad er avhengig av eksport, seier McKettrick.

Han er usikker på kva han kan vente av Trump.

- Eg merkar likevel at storfemarknaden er rolegare no enn den har vore det siste 1,5 året med valkamp. Men det kunne ha vore det same om Hillary Clinton vart vald, seier McKettrick.

Vatn og frakt viktig

For McKettrick er politikken for vatn og frakt vel så viktig akkurat no. Dyra blir frakta i eit system gjennom livvsyklusen så komplisert at han har laga eit eige fakta-ark om storfeets veg frå gard til bord. Eit dyr vil skifte eigar 2-3 gonger i løpet av livet. Vatn og frakt står også på Trumps agenda. Han har foreslått å trekke tilbake innstramminga av bruk av vatn (WOTUS) som Obama fekk igjennom. Reglane innebar m.a. strengare reglar for avrenning frå landbruket. Farm Bureau gjekk til rettssak mot regelverket og jublar no over at Trump vil trekke tilbake regelverket.  Trump tek også til orde for å styrke infrastrukturen, sjølv om mange stiller spørsmålsteikn ved finansieringa av tiltaket.

Carl McKettrick arrangerer kvegauksjonar to gonger i veka på garden. Rundt 1600 dyr blir selde i veka.

Så enkelte deler av Trumps politikk fell meir i smak hjå Florida-bøndene i Farm Bureau enn andre. Og enno er dei usikre på kva politikk som vil bli ført. National Farmers` Union, som Norges Bondelag har mest kontakt med, er derimot kritiske til frihandel generelt og TPP og NAFTA-avtalene spesielt. Dei ynskjer tollvern og rom for å gi støtte for nasjonal produksjon.

Kan levere mer melk

Melkekvotene for kumelk øker med fem prosentpoeng for å demme opp for usikkerhet i markedet.

Årsmøtet i Norges Bondelag er utsatt

Styret har vedtatt å utsette representantskapsmøtet og årsmøtet 9.-11. juni. Så snart situasjonen tilsier det, vil det bli vurdert en nytt tidspunkt for gjennomføring av årsmøtet i 2020.

Ny ordning kan gi mer arbeidskraft i landbruket

Regjeringa innfører en ordning som gjør det mer gunstig for permitterte å ta seg jobb i landbruket. – Løsningen kan bidra til at flere ønsker å ta seg arbeid i landbruket, sier Bartnes.

Bondelaget vil bidra til trygg forsyning av mat

- Stortinget har slått fast hvor viktig matforsyningen er for samfunnet. Vi vil samarbeide for å sikre trygg forsyning av mat i den usikre situasjonen vi er i, sier bondelagsleder Bartnes.

Vil innføre «frikort» for permitterte

Våronna står for døren og det er et stort behov for arbeidskraft i landbruket. Nå foreslår Norges Bondelag å innføre et «frikort» slik at permitterte arbeidstakere motiveres til å søke jobb i næringa.

Forlenget oppholdstillatelse i grøntsektoren

Mange som allerede er i arbeid får nå fortsette å jobbe. – Et godt grep for å sikre nødvendig arbeidskraft i grønsektoren, sier leder i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
22
april

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere