Uroa over handelssamtaler med Latin-Amerika
Noreg og EFTA startar innleiande samtaler om handel med den latin-amerikanske handelsblokka Mercosur. Norges Bondelag er uroa og har sendt brev til ansvarleg statsråd Mæland.
Landa i handelsblokka Mercosur (Brasil, Argentina, Uruguay og Paraguay) er mellom verdas største eksportørar av kjøt og kornvarer, frukt og grønt. Brasil var i 2015 verdas nest største produsent av storfékjøt og fjørfékjøt og fjerde størst på svinekjøt. Ei eventuell handelsavtale med desse landa vil difor kunne true norsk produksjon. Sjølv om det førebels berre dreier seg om innleiande samtaler vil Norges Bondelag sende eit tidleg signal til regjeringa med ei åtvaring om å gi innrømmingar til Mercosur. Dette er også uttrykt i møte med ansvarleg minister, som er næringsminister Monica Mæland (ho har ansvar for Noregs bilaterale handelsavtaler, medan utanriksministeren har ansvar for globale avtaler som WTO).
I dialogmøte med norske organisasjonar og næringsliv sa Mæland at ho såg utfordringa med kjøt og korn, men at dette er ein stor marknad for Noreg med høge tollsatsar, og at ei frihandelsavtale vil gi oss store fordelar. Sjå
- Les også: Mælands innlegg i dialogmøtet
Mercosur har også teke opp igjen samataler med EU om ei handelsavtale. Bøndene i EU reagerer svært negativt på at EU no ynskjer å gi innrømmingar på landbrukssektoren. Etter store protestar måtte EU justere ned sitt opningstilbod til Mercosur.
EFTA er ikkje komne så langt i forhandlingane, men har hatt innleiande samtaler med Mercosur no i vår. I 2000 inngjekk EFTA (Sveits, Noreg, Island og Lichtenstein) ei samarbeidserklæring med Mercosur. Denne la rammene for handelsrelasjonar og er eit verkty for å styrke økonomisk og handelsmessige relasjonar
Ministrane i EFTA-landa Sveits, Island, Lichtenstein og Noreg møttes 27.juni i Sveits. Brexit var eit sentralt tema. Monica Mæland sa etter møtet at Storbritannia er ein viktig handelspartner og at EØS-avtalen vil ivareta forholdet til Storbritannia er formelt ute av EU. Det er for tidleg å spekulere i kva som vil skje etter dette, konkluderte EFTA-ministrane.
Denne veka signerte EFTA frihandelsavtale med Georgia. EFTA har no 27 frihandelsavtaler med i alt 38 land.
- Les også: Oversikt over alle bilaterale handelsavtaler Noreg og EFTA er involvert i (2015)
- Les også: Brev frå Norges Bondelag til næringsministeren