Unge stemmer på Bondetinget
Mange unge delegatar markerte seg på Bondetinget.
Mange har lang fartstid som delegatar til årsmøtet i Norges Bondelag, mens andre er førstereis. I år vart det lagt merke til at unge delegatar frå fleire fylke tok ordet i generaldebatten, framom ein fullsett årsmøtesal.
Robin Sjøgård er årsmøtedelegat for Nordland for første gong og nest yngst av årets delegatar. 23-åringen valde å snakke om rekruttering i generaldebatten onsdag, for årsmøtedelegatar og statsråd Listhaug.
- Gjennomsnittsalderen er for høg
- Rekruttering er veldig viktig, og derfor ville eg ta ordet og snakke om det. Her i forsamlinga skryt vi av at gjennomsnittsalderen i jordbruket har gått ned, men han er framleis over 50 år. Det er ikkje godt nok, seier den engasjerte bonden frå Hemnes.
- Det er mange fleire som må inn i næringa om vi skal greie å oppretthalde volumet på produksjonen og antal gardsbruk. Hemnes kommune har gjort mykje bra for å få bønder til å ta over, og det er mykje landbrukskunnskap i kommunen, noko som gjer at vi er langt framme som jordbrukskommune. Dei erfaringane ville eg dele med årsmøtet.
Sjøgård er nestleiar i Hemnes Bondelag, og tar mykje med seg tilbake til lokallaget etter to dagar på Bondetinget.
- Ein lærar frykteleg mykje om organisasjonen ved å vere her. Det er inspirerande å treffe andre tillitsvalde, knytte nettverk og lære om korleis andre jobbar rundt om i landet, seier Robin Sjøgård.
Yngste delegat
Den aller yngste delegaten, i år som i fjor, er Tonje Yddal, lokallagsleiar i Osterøy Bondelag.
- Eg er ikkje bonde, men eg skal bli det. Anten skal eg ta over garden til besteforeldra min, eller finne meg ein odelsgut, seier 20-åringen.
- Rekruttering er viktig for meg, og i år synst eg jamnt over at det var mykje viktig som vart tatt opp i generaldebatten. Det eg synst det kanskje vart for mykje snakk om, er lammeslakttilskotet, seier Tonje Yddal.
Unge er opptatt av konsesjonsloven
Bygdeungdomslaget var sterkt representert på Bondetinget, og i år var konsesjonsloven ei viktig sak i innlegga deira.
- Konsesjonsloven er av avgjerande betydning for oss som vil inn i næringa, sa leiar Gunn Jorunn Sørum mellom anna frå talarstolen.