Deltakarane på Landbruksakademiet samla før fjøsbesøk. Foto: Norges BygdeungdomslagFor tredje år på rad inviterer Norges Bondelag og Norges Bygdeungdomslag topptillitsvalde frå dei fleste ungdomspartia til Landbruksakademiet. Her får dei lære om landbruk og landbrukspolitikk, og i år blir det spesielt lagt vekt på utdanning, kompetanse og kva rolle landbruket skal spele i det grønen skiftet.

- Ungdomspolitikarane representerer framtida, og vi er svært fornøgde med at dei ønskjer å lære meir om norsk landbruk og matproduksjon, seier organisasjonssjef i Norges Bondelag, Astrid Solberg.

- Denne gongen fokuserer landbruksakademiet på det grønne skiftet i landbruket, og vi trur at mange av ungdomspolitikarane er overraska over kor offensive norske bønder er når det gjeld dette, seier Solberg.

Ein av deltakarane sikrar seg ein selfie med ei ku. Foto: Norges Bygdeungdomslag

11 ungdomspolitikarar deltar på årets landbruksakademi, og alle ungdomspartia med unntak av FpU deltar. Landbruksakademiet starta tysdag med innleiingar frå leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bygdeungdomslag, Gunn Jorunn Sørum og Ola Hedstein, direktør i Norsk Landbrukssamvirke. Deretter gjekk turen til Tomb landbruksskole i Østfold, med fjøsbesøk, besøk på biogassanlegg og møte med naturbrukselevar. Tysdag kveld var det middag og innleiingar med Årets unge bonde 2014, Tor Jacob Solberg og Ragnhild Duserud frå Norges Bygdeungdomslag.

Onsdag fekk ungdomspolitikarane eit lynkurs i landbrukspolitikk, etterfølgd av besøk på garden til Karl Emil Rosnæs og Berit Ullestad i Rygge, som mellom anna produserer løk.