Understreka alvoret i forhandlingane

Av Siv Iren Åmodt Moe,
  • Tips en venn om denne siden

Foto: Hildegunn Gjengedal i Bondelaget

Bondelaget understreka alvoret for landbruket i forhandlingane med Mercosur då dei i dag møtte statssekretærane i LMD og NFD. Sjølv om vi møtte forståing er vi framleis uroa over kva som blir det endelege resultatet, seier nestleiar Bjørn Gimming etter møtet.

Noreg har gjennom EFTA (Sveits, Liechtenstein, Island og Noreg) vore i forhandlingar om ei ny handelsavtale sidan 2017. Med i den latin-amerikanske handelsblokka Mercosur er mellom anna landbruksgigantar som Brasil og Argentina. Desse er mellom verdas største eksportørar av m.a. storfekjøt og kylling, men også svin, kveite, meieriprodukt, frukt, grønt og korn. Forhandlingane er no inne i ei avgjerande fase med nye møte i andre halvdel av august.

- Vi uttrykte sterk uro over kva konsekvensar forhandlingane vil få for landbruket, og sa at vi har ingenting å gi. Vi har allereie gitt store innrømmingar til EU gjennom artikkel 19-forhanlingane. Statssekretærane uttrykte forståing, men vi kjenner oss ikkje trygge på kva sluttresultatet blir når ulike interesser skal målast opp mot kvarandre, sa nestleiar Bjørn Gimming etter møtet.

Sårbart for import – ikkje berre på storfe

I møtet presenterte Norges Bondelag kor viktig landbruksnæringa er og kor sårbar den er for import.

- Sjølv små kvantum kan få stor betydning for den norske marknaden som allereie er hardt pressa, sa Bjørn Gimming.

- Om vi importerar dei dyraste kjøttstykka kan dette presse markedet og prisen for dei andre delane av dyret som vi  naturlegvis også skal bruke, seier Gimming.

Mykje fokus har vore på storfekjøt, men Gimming understreka i møtet at andre norske produkt som frukt og grønt og kylling også er utsett. Mercosur er også konkurransedyktige på korn og svin og meieriprodukt, ja, så å seie alt vi produserer i Noreg.

- Vi må ikkje gløyme desse produkta heller, sa Gimming, som også vektla faren for substitutt, altså at t.d. billig importert frukt kan bli prioritert over norsk frukt i butikken.

Må unngå karbonlekkasje

Klima vart også teke opp på møtet. FN-tal syner at usleppa frå storfe i Noreg er lågare i snitt enn i Mercosur-landa. Norges Bondelag og Småbrukarlaget har nyleg inngått avtale med staten om å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket.

- Då kan ikkje regjeringa samtidig forhandle bort norsk kjøttproduksjon over bordet til land som slepp ut meir per kilo kjøt enn oss. Då blir det karbonlekkasje, seier Gimming.

På bøndene si side

Norges Bondelag hadde bedt om møte fordi forhandlingane er inne i ei avgjerande fase, og fordi ein fryktar ekstra press etter at EU og Mercosur inngjekk ei avtale 28.juni. Både statssekretær Widar Skogan (KrF) frå Landbruks- og matdepartementet og statssekretær Magnus Thue (H) frå Nærings- og fiskeridepartementet deltok på møtet.

Skogan uttrykte etter møtet at det hadde vore lærerikt, og at regjeringa er på bøndene si side. Men at det er forhandlingar med fleire partar, så regjeringa ikkje kan gi garantiar. Thue sa at det var uaktuelt å inngå ei avtale som undergrev grunnlaget for norsk kjøtproduksjon. Dei ville ikkje gå inn på kva som ligg på bordet akkurat no i forhandlingane.

Det er planlagt nytt møte i andre halvdel av august. Då kan det bli inngått avtale, men forhandlingane kan også halde fram utover hausten.

Landbrukets klimaplan

Her har vi samlet alle våre saker om Landbrukets klimaplan. Følg med for praktiske eksempler og oppdateringer.

Lars Petter Bartnes på representantskapsmøte

Ønsker forenklede forhandlinger

Etter dagens møte i representantskapet i Norges Bondelag, er målet å gjennomføre jordbruksforhandlinger i vår for å få på plass rammene for matproduksjonen framover.

I dag blir landbrukets klimaplan overlevert

Landbrukets klimaplan er oppe til vedtak i et samlet landbruk i dag, og deretter overrakt i et videomøte mellom statsrådene Bollestad og Rotevatn i regjeringskvartalet, og bondelagsleder Lars Petter Bartnes fra Trøndelag.

Kan levere mer melk

Melkekvotene for kumelk øker med fem prosentpoeng for å demme opp for usikkerhet i markedet.

Årsmøtet i Norges Bondelag er utsatt

Styret har vedtatt å utsette representantskapsmøtet og årsmøtet 9.-11. juni. Så snart situasjonen tilsier det, vil det bli vurdert en nytt tidspunkt for gjennomføring av årsmøtet i 2020.

Ny ordning kan gi mer arbeidskraft i landbruket

Regjeringa innfører en ordning som gjør det mer gunstig for permitterte å ta seg jobb i landbruket. – Løsningen kan bidra til at flere ønsker å ta seg arbeid i landbruket, sier Bartnes.

Bondelaget vil bidra til trygg forsyning av mat

- Stortinget har slått fast hvor viktig matforsyningen er for samfunnet. Vi vil samarbeide for å sikre trygg forsyning av mat i den usikre situasjonen vi er i, sier bondelagsleder Bartnes.

Dette skjer i Norges Bondelag

Tirsdag
21
april

Kornkonferansen 2021

Oslo Kongressenter, Youngs gate 21, Oslo
Onsdag
22
april

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere