Traktoraksjon mellom Gvarv og Ulefoss
I morgontimane aksjonerte bønder frå Bø og Sauherad mellom Gvarv og Ulefoss.
Med maksfart på rundt 50 km/t gjekk morgontrafikken saktare enn vanleg da bondelaga frå Bø og Sauherad markerte brotet i jordbruksforhandlingane og det tilbodet staten har gjeve bøndene.
- Dette er eit av dei største sprika mellom krav og tilbod på lenge, seier Astrid Staurheim, leiar i Bø bondelag. Lokallaget i Bø sto for aksjonane i saman med grannane i Saude og Nes Bondelag. Omlag 20 trakorar deltok aksjonen.
Les meir i Varden og Telemarksavisa