Illustrasjonsfoto: Øystein Moi.Det er Vegdirektoratet som har sendt ut eit forslag til endring i forskrift om trafikkopplærting og førerprøve. - Det er viktig at tilbodet om trafikalt grunnkurs som valfag er tilrettelagt for at dei som skal ta klasse T rekk å ta dette tidsnok til at dei også har høveleg tid til øvingskøyring før dei køyrer opp til førerprøva for klasse T. Det skriv Norges Bondelag, Bedre gardsdrift og Traktor og Lanbruksmaskinimportørenes Forening i ei felles uttale.

Enklare førerett for 50 km/t

Forslaget frå Vegdirektoratet inneheld og utvida førarkortrett for traktor for å kunne gjere det enklare å få førerett for traktor som går inntil 50 km/t. Noko som igjen må føre til endringar i trafikkopplæringsforskriften og førerkortforskriften.

God tryggleik og samhandling

- Dei føreslåtte endringane vil gi ei høveleg kompetanseheving for å kunne køyre 50 km/t-traktorar, og dermed bidra til god tryggleik og samhandling i trafikken, skriv dei tre aktørane som uttalar seg.

Førebyggjing med kunnskap og haldningar

- Landbruksnæringa og tilknytte bransjar ynskjer at det skal stillast strengare krav til førar av traktor som går i 50 km/t. Denne risikoen kan førebyggjast med kunnskap og haldningar som føraren kan tileigne seg med det skisserte kurset, og gjennom erfaringa som aldersgrensa fører med seg, heiter det.