Tok opp rovdyrproblem med departementet

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Bondeorganisasjonane bad i eit møte med regjeringa om fleire tidlege uttak av blant anna jerv.

Lars Petter Bartnes og leiarane i dei andre bondeorganisasjonane møter i dag statssekretæren i Klima- og miljødepartementet for å setje fokus på jerveproblemet. Norges Bondelag møtte i dag statssekretæren i Klima- og miljødepartementet, Lars Andreas Lunde, i lag med Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norsk Sau og Geit. Formålet med møtet var å diskutere problemet med rovdyr.

- Rovdyrtapa kunne vore merkbart lågare dersom styremaktene hadde sørga for ekstraordinære uttak av jerv,bjørn og streifulv før beitesesongen, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.
- Det ville kunne spart 2000 sau, og det ville redusert ertatningskostnadane til departementet. Det ville også spart saueeigarar for store psykiske belastningar, seier han.

Det er dokumentert heile 63 ynglingar av jerv i år, mens bestandsmålet i rovdyrforliket er 39. Trass i at den sitjande regjeringa har sørga for ei betring i uttaket av rovvilt før beitesesongen, meiner bondeorganisasjonane at det er mykje som står att før tapa i beitenæringa skal bli så låge som moglege innafor det vedtatte rovviltforliket.

- Vi bad statssekretæren om at regjeringa skal ta ut så mange rovdyr som mogleg før neste års beitesesong, innafor ramma av rovviltforliket, seier Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag.

Elles var evaluering av rovviltforliket, midlar til forbyggande- og konfliktdempande tiltak og ordføraroppropet frå 28 ordførarar om at Riksrevisjonen skal evaluere rovviltforliket, tema som vart tatt opp i møtet.

Statssekretæren lovte at næringa skal bli høyrd i evalueringa av rovviltforliket, og han understreka også at målet er å halde seg på bestandsmåla for rovdyr, verken over eller under.  

Statssekretær i KLD, Lars A. Lunde og Ulf Skårholen i Løten og Vang beitelag på befaring i september i fjor.

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
23
Mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus
Onsdag
23
Mai

Styremøte

Landbrukets hus
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere