Tøffe tider for palestinske bønder
Tilgang på vatn, såfrø og jord har blitt svært krevjande for palestinske bønder. Før leverte dei 65 prosent av ferskvarene til Gaza sjølve, no klarer berre ei handfull bønder å levere.
Det sier Fuad abu Saif i UAWC som nyleg besøkte Norges Bondelag som del av sitt norgesbesøk.
- Vatn er eit stort problem. Vi får mindre enn 10 prosent av vatnet som er tilgjengeleg, og vi får ikkje grave etter vatn. Sidan krigen starta er 36 brønnar øydelagde på Vestbreidda av enten busetjarar eller det israelske militæret, seier leiar Fuad Abu Saif for UAWC. Han er invitert til Noreg i samband med landsmøtet i Fagforbundet, og bad om møte også med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. I 2019 deltok Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag på ein tur arrangert av Norsk Folkehjelp og Fagforbundet for å sjå på vilkåra for bøndene på Vestbreidda. UAWC følgde då gruppa rundt.
Organisasjonen UAWC (Union of Agricultural Work Committees) jobbar for vilkåra til bøndene på Vestbreidda og i Gaza. Dei har eit samarbeid med Norsk Folkehjelp, eit arbeid som blir støtta langsiktig av Fagforbundet. Hovudkontoret ligg i Ramallah på Vestbreidda med 4 bransjar også på Gaza.
97 prosent av arealet på Gaza øydelagt
Tilgang på jord er ei anna utfordring for dei palestinske bøndene. I utgangspunktet eig dei si eiga jord, men 40 prosent av den dyrkbare jorda på Vestbreidda ligg i område C- som vart framforhandla under Oslo prosessen og er 10 prosent under israelsk kontroll. På Gaza er 97 prosent av jordbruks arealet øydelagt.
Enorme mengde udetonerte bomber gjer det enno meir krevjande å bere bonde. Mengda er umogleg å fastslå akkurat no, men ein reknar med at det dreier seg om fleire tusen tonn. - Det er risikofylt å vere bonde der, seier Fuad Abu Saif. Mange av dei drepne i krigen er bønder. Av dei 67 000 som er drepne i krigen reknar Abu Saif med at 10 000 dreiv med landbruk, på heiltid eller deltid. 70-80 av dei rundt 2000 som har mista livet på Vestbreidda er bønder, ifølgje Abu Saif.
Også såfrøtilgang er ei utfordring. Dei har ein frøbank på Vestbreidda, med fleire multiplikasjonsstasjonar - men dei vart angripne av det israelske militæret.
- Men vi har no fått plassert 13 såfrø i den globale såfrøbanken i Svalbard, dette er viktig for palestinsk matsuverenitet seier Abu Saif. Det er eit håp å få til frøbank på Gaza også.

Ei anna utfordring er logistikken av varene. Det er få passasjar mellom dei ulike delane av området, og lange ventetider. Dette er kritisk for ferskvareleveringa.
- Det er til dømes berre ein passasje frå Hebron, her må ein vente veldig lenge for å passere. Med ferske produkt er det vanskeleg og risikabelt å passere, seier Abu Saif.
Det er også vanskeleg å få eksportert den viktigaste vara dei produserer, oliven.
- 5000 personar er avhengige av oliven. Vi produserer vanlegvis 33 000 tonn i året. No produserer vi berre 9000 tonn. Det skuldast både okkupasjonen og dårlege avlingar. Soldatar og busetjarane stel også oliven, seier Abu Saif.
Held fram med å plante
Men trass i dei vanskelege vilkåra held bøndene fram med å dyrke, og prøver å få levert mat til innbyggarane, sjølv om det meste i dag blir importert frå Israel.
- Vi er opptekne av matsuverenitet. Det er viktig å ha kontroll over det vi produserer sjølve. Vi dyrkar også for å beskytte jorda, seier Abu Saif, som trass alt har håp for framtida
- Det er håp. Ingen kan basere ein stat på drap, seier han.