- Vi er godt nøgde med at eit einstemmig ekspertutval foreslår ei lov om god handelsskikk og oppretting av eit uavhengig Handelstilsyn. Vi vil studere lovutkastet grundig. Men fyrsteinntrykket er at dette er eit solid og godt forslag som vil kunne gi ei meir velfungerande verdikjede, noko som også er viktig for oss bønder, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.

- Behov for å regulere bransjen
Daglegvarelovutvalet har arbeidd eit halvt år med mandat å utgreie korleis prinsippet om god handelsskikk i daglegvarebransjen og omsynet til forbrukarane best kan ivaretakast i lovgjevinga. Leiar har vore professor Erling Hjelmeng, og med seg i utvalet har han tung ekspertise innan juss og økonomi. Ekspertutvalet vart nedsett etter at Matkjedeutvalet konkluderte med at verdikjeda for mat ikkje fungerer optimalt, og at det var tilrådeleg med ei eiga lov for å regulere bransjen.

Det nye utvalet stadfester no altså dette behovet, og vil ha eit uavhengig tilsyn for å overvake lova. Ekspertutvalet peiker på fleire former for åtferd som bidreg til ineffektive løysingar i forholdet mellom kjeder og leverandørar, som til dømes tilbakehalding av informasjon og uforutsigbar avslutnining eller endring av produkteksponering (såkalla delisting).

- Regjeringa må følgje opp raskt
Enkelte kritikarar har meint at det er unødvendig med ei ny lov for å regulere verdikjeden for mat, men Daglegvarelovutvalet meiner dagens lovverk ikkje dekker området godt nok. Utvalet konkluderer mellom anna med at dagens lovverk er for fragmentarisk og ikkje er eigna for det ”oppdragande” formålet som utvalet meiner bransjen har behov for. Dei etterlyser solide handhevingsorgan med heilskaplege perspektiv og ein klarare definisjon av spesifikke normer.

Forslag i form av ei offentleg utgreiing (NOU 2013:6) vart overrekt dei tre statsrådane i Landbruks- og matdepartementet, Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet og Fornyings- administrasjons- og kirkedepartementet.

- Det er viktig at Regjeringa no raskt følgjer opp arbeidet og sender utkastet på høyring, seier Nils T. Bjørke.