Tidsplan for jordbruksoppgjeret 2017
Jordbruksoppgjeret 2017 startar onsdag 26. april.
Årets jordbruksforhandlingar startar onsdag 26. april. Då overleverer Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag sitt felles krav til staten på vegne av landbruket.
Fredag 5. mai overleverer staten sitt tilbod til jordbruksavtale.
Årets jordbruksforhandlingar skal vere avslutta måndag 15. mai.
Slik er forhandlingane
Gangen i jordbruksforhandlingane er slik at Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag først blir einige om eit felles krav på vegne av landbruket. Dette kravet blir så overlevert regjeringa ved Landbruks- og matdepartementet. Om lag ei veke etter at kravet blir levert, kjem staten med sitt tilbod. Då går bondeorganisasjonane saman, går igjennom tilbodet og bestemmer seg for å gå vidare med forhandlingane eller ikkje.
Som regel vel partane å møtast til forhandlingar. Leiaren i Norges Bondelag leier forhandlingane på vegne av landbruket, og departementsråden i Landbruks- og matdepartementet leier forhandlingane på vegne av staten.
Dersom ein eller begge fagorganisasjonane blir einige med staten om ein jordbruksavtale, går Jordbruksavtalen til Stortinget for godkjenning. Dersom det blir brot i forhandlingane, går staten sitt tilbod til Stortinget.