sveitsiske mjølkebonden Fritz Glauser er vald til ny styremedlem i World Farmers` Organisation. Her saman med leiar Evelyn Nguleka og Kristin Ianssen.

Fritz Glauser er mjølkebonde og produserer den kjende Gruyereosten til det lokale samvirket han er medeigar i. Han tek over vervet etter belgiske Piet Vantemsche. Tidlegare nestleiar i Norges Bondelag, Berit Hundåla hadde vervet før Vantemsche, ved oppstarten av den nye organisasjonen.

Noverande nestleiar Kristin Ianssen har besøkt Fritz på garden i Sveits og er godt nøgd med valet:
- Eg trur han kjem til å gjere ein god jobb. Han er oppteken av openheit og god informasjonsflyt til dei europeiske medlemmene i WFO. Det er heilt avgjerande for at medlemsorganisasjonane skal engasjere seg. Dessutan har han god innsikt i den typen landbruk vi driv i Noreg, seier Kristin Ianssen.

World Farmers`Organisation vart stifta i 2011. Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke er norske medlemmer. Det er rundt 70 medlemmer frå rundt 50 land som dekker alle verdsdeler. I styret er det eitt medlem frå kvar verdsdel. Styreleiar er Evelyn Nguleka frå Zambia.

Bilettekst: Den sveitsiske mjølkebonden Fritz Glauser er vald til ny styremedlem i World Farmers` Organisation. Her saman med leiar Evelyn Nguleka og Kristin Ianssen.