Svært lågt nivå av antibiotikaresistens i norske svinebesetningar

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Nesten 1000 norske svinebesetningar er i vår testa for antibiotikaresistente gule stafylokokkar (LA-MRSA). Det vart funne smitte i berre ein av svinebesetningane.


- Dette er svært gledelege tal for norske svinebønder, seier 1. nestleiar i Norges Bondelag, Kristin Ianssen.
- Desse funna stadfester at det vi gjer i norsk husdyrproduksjon virkar. Vi i landbruket skal halde fram med å gjere jobben vår med å sikre god dyrehelse og eit lågt antibiotikaforbruk, seier Ianssen

Først i verda

1. nestleiar i Norges Bondelag, Kristin IanssenAntibiotikaresistente gule stafylokokkar (LA-MRSA) er tidlegare påvist i 24 andre svinebesetningar her til lands. Dette er eit svært lågt nivå og Noreg er det første landet i verda som forsøker å nedkjempe smitte av LA-MRSA. Denne type bakteriar er relativt vanleg hos gris i mange land, og kan smitte mellom dyr og menneske ved kontakt.  Alle norske svinebesetningar med ti eller fleire purkar har derfor blitt testa for dette i år, og berre ei besetning var smitta av LA-MRSA.

- Dette er eit resultat av god dyrehelse og lite bruk av antibiotika i norsk matproduksjon. I arbeidet med LA-MRSA har vi fått kunnskap om at folk kan vere ei smittekjelde for gris her til lands. Resultata har derfor vore ei påminning om kor viktig det er med godt smittevern på kvart enkelt gardsbruk, seier Kristin Ianssen.

Antibiotikaresistens er eit samfunnsproblem

LA-MRSA hos gris vart påvist første gong i Noreg i 2011. Denne smitten er blitt følgd opp og dei fleste besetningane har sanert. Mattilsynet vil no etablere årleg overvaking for antibiotikaresistente gule stafylokokkar hos gris. Det er ei ordning Noregs Bondelag ønskjer velkommen.

- Antibiotikaresisten er eit samfunnsproblem. Det er viktig at samfunnet møter utfordringa med ein heilskapleg strategi, og at overvakinga blir vidareført på eit nivå som sikrar god kontroll også i framtida, seier Kristin Ianssen.

Må ivareta bonden

Nestleiaren i Norges Bondelag understrekar også at det er viktig å ivareta den enkelte svineprodusenten som opplever å få smitte i besetninga si og dermed hamnar i ein svært krevjande situasjon.
- Det er nødvendig at styresmaktene får på plass langsiktige og varige ordningar som dekkar dei økonomiske tapa bonden får som følgje av ambisjonen om å avgrense spreiinga av antibiotikaresistens, seier Kristin Ianssen.

 

Fakta om LA-MRSA:

  • MRSA-bakteriar er gule stafylokokkar som har utvikla motstand mot antibiotika. Ein variant av desse resistente bakteriane (LA-MRSA) er dei siste åra påvist hos gris, og kan smitte mellom dyr og mellom dyr og menneske som er i kontakt med gris.
     
  • Bakterieinfeksjonen er lite farleg for både mennesker og dyr, men den er vanskeleg å få bukt med. Kjøtt frå smitta dyr er ikkje farleg å ete.
     
  • Første påviste tilfelle av LA-MRSA på dyr i Noreg var i 2011. Det er eit mål at norsk svineproduksjon skal være fri for LA-MRSA.
     
  • LA-MRSA er relativt vanleg på gris i mange andre land. For å hindre at sjukdommen blir meir vanleg i Noreg, er det viktig med god smittehygiene for dei som er i kontakt med gris.

 

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Torsdag
31
Mai

Hvordan og hvorfor innføre biodiesel i norsk landbruk?

Park Inn Hotell, Gardermoen
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel
Tirsdag
05
Juni

Styremøte og Representantskapsmøte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere