Nils T. Bjørke. Foto: Bondebladet.

Tysdag møtte bondelagsleier Nils T. Bjørke i regjeringa sitt kontaktutval, der representantar frå dei største organisasjonane møter statsministeren. I innlegget sitt trakk Bjørke fram tollvern og urovekkande todeling i norsk industri; mellom oljesektoren og anna næringsliv. 

”Tosporsøkonomien”
Det er full fart i oljesektoren. Det pressar lønns- og kostnadsnivået opp for det øvrige næringslivet. Av ein totalinvestering i industrien på omkring 220 milliardar i 2012, går omkring 90 prosent til oljerelatert industri. I tillegg blir det kanalisert årleg omkring 120 milliardar til bustadsektoren. Kapitalen søker eigedomssektoren med kortsiktig høg avkastning, medan næringslivet utanom det oljerelaterte, har store vanskar med å tiltrekka seg kapital. - Eg vil og nemne at det er eit faresignal at hushaldningane i Norge har eit høgt lånenivå. Vi har altså eit stort næringsliv som ligger i klemma mellom oljesektoren og eigedomssektoren, sa Bjørke. Allereie i 1973 åtvara dåverande finansminister Per Kleppe mot å gå mot eit einsidig oljerelatert næringsliv. Eit differensiert næringsliv er viktig for å møte skiftande konjunkturar. 

- Investeringane i eigedomssektoren og oljesektoren må ikkje være større enn at anna næringsaktivitet har rimelege vilkår. Då blir det særleg viktig å styrke den delen av næringslivet som ikkje er relatert til olje, sa Nils T. Bjørke, og nemnde desse viktige tiltaka:

  • Etablering av ei ordning med fondsavsetningar, og for enkeltpersonsforetak. I dag må kapitalen først skattast som personinntekt før den kan førast tilbake til investeringar i næringa.
  • Fjerning av formueskatt på arbeidande kapital. Aukinga i botnfrådraget i formueskatten er positivt, men ikkje tilstrekkeleg.
  • Det må stillast meir statleg kapital til rådigheit. Landbruket har i ei årrekkje bedt om ei investeringspakke for å auke investeringstakten i tråd med det som må til for å auke matproduksjon slik regjeringa har lagt opp til i Landbruks- og matmeldinga.
  • Bra at satsinga på FoU vert styrka, viktig med midlar til Ås 

Tilfreds med styrka importvern
Det andre temaet Bjørke tok opp var styrkinga av importvernet. - Me er svært tilfreds med at Regjeringa har vald å gjere dette grepet no. Importvernet er ein absolutt føresetnad for ein nasjonal matproduksjon basert på eit landbruk over heile landet. Utan eit fungerande importvern vil det ikkje være mogleg å halde oppe  og auka volumet slik Stortinget legg opp til i landbruks- og matmeldinga, sa Bjørke. Frå år 2000 og fram til i dag har importen av landbruksvarer dobla seg. Frå 2005 og fram til i dag har folkeauken vore på over 8 prosent, medan auken i matproduksjon har vore på 1,5 prosent. Det er og viktig å streka under at det innanfor mjølk, storfekjøt og korn er fallande volum. Det inneber at norsk landbruk og næringsmiddelindustri kvart år tapar marknadsandelar til importvarene. 

- Ei omlegging av tollvernet frå kronetoll til prosenttoll er derfor naudsynt og blir teke godt i mot i næringa. Dette er endå eit steg i rett retning i høve til å utnytte handlingsrommet WTO-avtalen gjev, sa Bjørke og peika på at det er naudsynt å halde fram med dette arbeide og i særleg grad sjå på tollvernet på grønstsektoren.

Skader ikkje fiskeeksporten
- Fiskarlagets leiar hevdar at endringane i tollsatsane på landbruk kan skade fiskeeksporten. Dette er villeiande, sa Bjørke. For det fyrste er fisk og landbruk separate forhandlingsområder både i WTO- og EØS-avtalen. For det andre er det slik at fangstkvotene i EU er minkande og foredlingsindustrien der er stadig meir avhengig av norske fiskeråvarer. Denne industrien vil derfor ha stor interesse av at tollsatsane på fisk ikkje aukar. I denne saka er det slik at det er EU som har mest å tape om dei ikkje fylgjer internasjonale reglar. - Eg må og seie at eg stussar over at Fiskarlaget og høgresida i norsk politikk legg opp til at landbruk og fisk skal koplast. Det må være strategisk svært uklokt. Landbruk og fisk er to primærnæringar som har alt å tene på å samarbeide og ikkje skape unødig splid, sa Bjørke.

Fylgja opp Matkjedeutvalget
Matkjedeutvalget peiker på at maktfordelinga i matvarekjeda er skeiv og at kjedene har styrka sin maktposisjon vesentleg. Det er difor svært bra at Regjeringa fylgjer opp med etableringa av eit lovutval i budsjettproposisjonen.

Kontaktperson: Nils T. Bjørke.