Landbruksminister Sylvi Listhaug vil fremje ei stortingsmelding om moglegheiter for landbruksbasert næringsutvikling som ikkje er tradisjonelt jord- og skogbruk. Norges Bondelag ønskjer ei slik melding velkommen.

- Det er svært positivt at landbruksministeren vil vidareutvikle satsinga på  entreprenørskap i landbruket  og lønnsame bygdenæringar. Det skjer mykje god og spennande næringssutvikling i landbruket, og det er viktig at styresmaktene følgjer dette opp og bidrar med å sikre gode og stabile rammevilkår, seier generalsekretær i Norges Bondelag, Per Skorge.

Må involvere fleire departement

Ein stor del av regelverket som påverkar lønsemda og utviklingspotensialet til bygdenæringane  ligg under andre departement enn Landbruks- og matdepartementet. Til dømes skatte- og avgiftsreglar hos Finansdepartementet, og Plan- og bygningslov, naturmangfaldslov og reglar for vern av utmark  som blir forvalta av Kommunal- eller Miljødepartementet.

- Eg ventar at landbruksministeren legg mykje vekt på å involvere regjeringskollegaene sine i problemstillingane knytt til bygdenæringene, med sikte på å fjerne flaskehalsar som hemmar utvikling, seier Per Skorge.

Landbruk i botn

Samtidig som landbruksminister Sylvi Listhaug fremjar stortingsmelding om moglegheiter for landbruksbasert næringsutvikling, presiserer ho at eit solid landbruk må ligge i botn for den nye næringsutviklinga. Det er Norges Bondelag glad for.
- Vi ser i dag at bygdenæringene har oppnådd størst omfang i dei områda der det tradisjonelle landbruket står sterkt frå før. Dette viser at det tradisjonelle landbruket og dei nye næringane er gjensidig avhengige av kvarandre.  Her er det snakk om eit ”både-og”,  ikkje eit ”anten-eller”, seier Per Skorge, generalsekretær i Norges Bondelag.

Det er ikkje varsla når vi kan vente at meldinga er ferdig.