Stortinget vedtok jordbruksavtalen

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Men ikkje utan debatt.

Ingunn Foss (H) og Knut Storberget (AP) fotografert på ein debatt i regi av Nord-Trøndelag Bondelag. Tysdag kveld tok dei begge aktivit del i stortingsdebatten om jordbruksoppgjeret 2016.

Tysdag kveld var jordbruksoppgjeret 2016 oppe i Stortinget. I tre timar debatterte Stortinget årets jordbruksavtale. Som venta vart jordbruksavtalen for 2017 vedtatt av Stortinget. SV, MDG og Per Olaf Lundteigen frå Senterpartiet foreslå å sende avtalen tilbake til regjeringa, men fekk ikkje fleirtal for det.

Redusere inntektsgapet

Då næringskomiteen sist veke oversende jordbruksoppgjeret 2016 til Stortinget, skreiv ein samla komité i ein merknad: «For å sikre rekruttering og inntektsmulighetene for dem som bruker hele eller mesteparten av arbeidskraften sin i næringen, er det viktig å redusere inntektsgapet mellom jordbruket og andre i samfunnet».

Eit sentralt tema i gårdagens ordskifte var korleis inntektsgapet skal reduserast og korleis det skal definerast.

- Vi er ikkje usamde i at bønder skal ha ei inntekt på nivå med andre grupper, men vi er usamde i at det berre skal skje gjennom større statlege overføringar. Bønder er ikkje statleg tilsette, men sjølvstendig næringsdrivande. Årets normaliserte rekneskap viser at inntektsutvikling vil bli klart større for jordbruket enn for andre grupper, sa Ingunn Foss frå Høgre på spørsmål frå Knut Storberget frå Arbeidarpartiet om korleis dette inntektsgapet skal tettast.

Line Henriette Hjemdal (KrF), her i samtale med 2. nestleiar i Norges Bondelag, Brita Skallerud, ved eit tidlegare høve.

Kronemessig lik?

Geir Pollestad frå Senterpartiet tok opp forskjellen mellom prosentvis lik og kronemessig lik inntektsutvikling, og spurde Høgre om deira syn i den saka.

- Eg ser at Høgre vil redusere inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper. Betyr det at Høgre i framtidige oppgjer meiner at det er eit mål å redusere den kronemessige forskjellen målt per årsverk?

- Inntektsvekst målast i prosent i alle inntektsoppgjer, svarte Ingunn Foss.

- Gapet består av kroner, ikkje prosent, svarte Geir Pollestad.

Pollestad utfordra også Line Henriette Hjemdal på det same punktet, utan å få noko klart svar.

- Vil skal tette gapet til andre grupper og vi skal ha inntektsutvikling på lik linje med andre grupper, sa Hjemdal.

Fokus på investeringar

Eit fleirtal i næringskomiteen beståande av AP, SP, SV, Venstre og KrF understreka behovet for investeringsverkemiddel til landbruket i åra som kjem i ein merknad i innstillinga, og dette temaet vart også sentralt i debatten i Stortinget.

- Eg vil sitere leiaren i Norges Bondelag som har sagt at auka investeringar er like viktig som før for å investere i framtida. Det er ein tydeleg beskjed om at investeringane må aukast, sa Line Henriette Hjemdal frå KrF.

- For å lette investeringar i klimatiltak bør det vurderast ei fondsordning etter modell av skogfondet, sa Pål Farstad frå Venstre. - Ei utsetjing av lausdriftskravet er urimeleg for dei som har investert i nytt fjøs. Samtidig krevjast det investeringsmidlar for å imøtekomme kravet til lausdrift i storfehald, særleg for små og mellomstore bruk. Eg meiner derfor at investeringsverkemidlane må aukast, sa Farstad vidare.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) foreslo å sende oppgjeret i sin heilskap tilbake til regjeringa. Han fekk støtte frå eit mindretal beståande av eige parti, MDG og delar av Senterpartiet.

Viktig med strukturverkemiddel

- Venstre er opptatt av at det skal vere attraktivt å vekse der det ligg til rette for det, men det skal også vere attraktivt å drive som bonde også for den som har 20 kyr. Derfor er det viktig for Venstre å kunne differensiere verkemidla for å oppretthalde ein variert bruksstruktur og ein berekraftig matproduksjon over heile landet, sa Pål Farstad frå Venstre, som var fornøgd med at verkemidla er dreidd i den retninga i årets oppgjer.

- Noreg er eit karrig land og vi bur spreidd. Det krev av oss at vi tar i bruk dei verkemidla vi har og at vi sikrar matproduksjon der det er mogleg. Det er for stort sprik mellom det Stortinget meiner er målet for landbrukspolitikken og korleis regjeringa har følgd det opp, sa Torgeir Knag Fylkesnes frå SV som bad partia støtte SV sitt forslag om å sende jordbruksavtalen tilbake til regjeringa for ny behandling.

Ville sende avtalen tilbake til regjeringa

- Jordbrukspolitikken er på feil kurs. SV foreslår å sende oppgjeret i sin heilskap tilbake til regjeringa. Då kan regjeringa komme tilbake til hausten med ein modell for målstruktur med konkrete, etterprøvbare mål som kan gje grunnlag for styringa av landbrukspolitikken, sa Fylkesnes. Dette fekk han ikkje fleirtal for.

Statsråd Jon Georg Dale hadde også ordet i debatten. Han sa at Stortinget vanlegvis gir regjeringa kritikk for å bruke for mykje pengar, men at dei gir kritikk for å bruke for lite pengar i jordbruksoppgjeret.

- Vi er ei regjering som er meir opptatt av resultat enn kor mykje meir av skattebetalarane sine pengar vi har brukt på landbrukssektoren, sa Dale frå Stortingets talarstol.

Nedbygging av matjord

Mindre matjord omdisponert i 2017

Ferske tall fra SSB viser at 4025 dekar dyrka mark matjord ble omdisponert til andre formål enn landbruk i 2017. Dette er en nedgang på nesten 2000 dekar fra i 2016.

Forholdstallet for kvote på kumelk økes fra 0,98 til 0,99

Etter ekstraordinære kvotedrøftinger for kumelk for 2018 mellom Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Landbruks-og matdepartementet, ble man enige om å øke forholdstallet for disponibel kvote fra 0,98 til 0,99. Tørke og usikkerhet om fôrsituasjonen spilte inn på beslutningen.

Styret i årsmøtesalen

Nullvisjon for dårleg dyrevelferd

Norges Bondelag godtar ikkje dårleg dyrevelferd og vil ha nullvisjon for dyrevelferdssaker. Det inneber at regelverket på dyrevelferd skal følgjast på alle norske husdyrbruk.

Årsmøte 2018

Se opptak fra Bondetinget 2018

Norges Bondelag sitt årsmøte gikk av stabelen 6. og 7. juni på Lillehammer. Her kan du se opptak fra innledninger og debattene.

Lars Petter Bartnes

Bartnes gjenvalgt som leder i Norges Bondelag

Norges Bondelag samlet til årsmøte på Lillehammer 6. og 7. juni har i dag gjenvalgt Lars Petter Bartnes (49) som leder. Bjørn Gimming er gjenvalgt som 1. nestleder og Frøydis Haugen er gjenvalgt som 2. nestleder for organisasjonen.

Askeladdvinner Fredrik Bye sammen med Knut Nordmo og Lars Petter Bartnes.

Gründerpris til landbruksfilmskaper

Årets vinner av Askeladdprisen er en gründer som lever av å vise fram landbruket. For Fredrik Bye ble filmen han laget av det lokale maskinlaget startskuddet for å få film- og bildeproduksjon som levebrød.

Årsmøte 2018 salen

Høydepunkter fra generaldebatten

Markedsregulering, omdømme, dyrevelferd og klima er bare noen av de mange temaene som engasjerte delegatene i generaldebatten på årsmøtet.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
20
Juni

Generalforsamling i BS

Landbrukets hus
Onsdag
20
Juni

Styremøte i Norges Bondelag

Landbrukets hus
Tirsdag
14
August

Gården som læringsarena i skolen

Auditoriet, Arendal Bibliotek

Våre samarbeidspartnere