Store verdiar i landbruket sitt bygningsmiljø
Landbruket sine bygg representerer store ressursar. "Landbruksbygg og kulturlandskap" har no levert sin sluttrapport.
Utviklingsprogrammet set fokus på verdien av landbruket si bygningsmasse og omtalar både historiske bygg og framtidas bygg.
Ivaretaking av bygningsmiljø som ikkje inngår som ein del av næringsutøvinga i dag, er kostnadskrevjande, og ein ser at landbruksbygg som ikkje lenger er i bruk står i fare for å forfalle og gå tapt. Dette vil medføre øydelegging av dei historiske kulturmiljøa, som landbruket er ein viktig del av. Utviklinga i jordbruket med oppføring av nye store landbruksbygg, og eldre landbruksbygg som mistar sin funksjon, er ei utfordring for kulturlandskapet og kulturmiljøet.
Styrking og betre samordning av verkemiddelbruken
Utviklingsprogrammet har gjennom sitt arbeid erfart at ein treng styrking og betre samordning av verkemiddelbruken, dersom ein ønskjer betre landskapstilpassing og utforming av nye landbruksbygg, men også ta vare på eksisterande bygg. Programmet har vidare peikt på fleire område der regelverket kan betrast for å ta vare på bygnings- og landskapsverdiane. Programmet har og avdekka store behov for tiltak innan rådgivings- og rettleiingstenesta.
Landbruksbygg og kulturlandskap har fokusert på tre ulike temaområder:
- Nye landbruksbygg og kulturlandskap
- Ny bruk av ledige landbruksbygg
- Kulturhistoriske viktige landbruksbygg
Nye landbruksbygg og kulturlandskap
Ei gruppe har arbeidd med å betre landskapstilpassing og utforming av nye landbruksbygg. Dette skulle skje med omsyn til eksisterande bygningsmiljø og tunform, og med krav om framtidsretta og funksjonelle bygg.
Arbeidsgruppa har og sett på gjeldande verkemiddelapparat, både juridisk og økonomisk, og foreslått ei rekke tiltak for å styrke verkemidla for å få til ei betre landskapstilpassing og utforming av landbruksbygg.
Rådgjevar Pål Krister Langlid i Nord-Trøndelag Bondelag har leia denne arbeidsgruppa.
Ny bruk av ledige landbruksbygg
Ei gruppe har arbeidd med å legge til rette for ny bruk av ledige landbruksbygg. Hovudmålet var å stimulere til ny og fortsett bruk av landbruksbygg i det norske kulturlandskapet, med vekt på funksjonalitet, estetikk, kulturhistorie og arkitektur. Bygga skal nyttast både til tradisjonelt landbruk og til nye næringar.
Seniorrådgjevar Per Harald Agerup og rådgjevar Lars Alhaug har vore Bondelaget sine representantar i denne gruppa.
Kulturhistorisk viktige landbruksbygg
Ei gruppe har arbeidd med å utvikle metode og retningslinjer for kartlegging av kulturhistorisk viktige landbruksbygg. Arbeidsgruppa har laga ein rettleiar for ei slik kartlegging og registrering, og har gjennomført registreringar i fire pilotkommunar.
Styringsgruppe
Rådgjevar Ole Nikolai Skulberg og seinare prosjektleiar Svein Guldal har vore Bondelaget sine representantar i styringsgrupa for prosjektet landbruksbygg og kulturlandskap.
(Kilde: Statens landbrukstilsyn)