Regjeringa avviklar det generelle beitetilskotet til sau, kyr og storfe. Det blir ikkje lenger tilskot til beiting til areala som ligger nærast fjøset. Det gir store økonomiske tap, særleg for mjølkeprodusentar som er avhengig av at kyra beitar i nærleiken av fjøset, utan moglegheiter til å utnytte utmarka. Eksempelvis taper ein storfeprodusent i Østfold med 50 kyr, storfe og kalvar på beite over 20 000 kr i beitetilskot. Beitetilskot har vore ein stimulans til at dyra skal hauste mest mogleg av det daglege fôret sitt ved beiting i 16 veker om sommaren.

Styrking av innmarksbeite må skje i alle område

Kulturbeite i Rogaland, eit av områda som blir hardast råka av regjeringas forslag til omlegging.

Regjeringa gjer eit forsøk på å kompensere dette ved å auke faktoren for utbetalinga til innmarksbeite. Innamarksbeite er jordbruksareal som kan brukast til beite, men som ikkje kan haustast med maskinar. Det er snakk om dei bygdenære kulturlandskapa. Ravinedalane på Romerike og beite omringa av steingjerde på Jæren er eksempel på innmarksbeite.

Ein bonde får tilskot til alt areal som er fulldyrka. Det vil seie dei mest produktive areala. Når det kjem til innmarksbeite har bonden til no fått tilskot til 60 prosent av innmarksbeite, og denne faktoren skal no aukast til 80 prosent. Vår bonde i Østfold har 200 dekar innmarksbeite, og får 40 dekar meir areal som har rett til tilskot av regjeringas omlegging. Men på same tid svekkar regjeringa arealtilskotet og som følgje av det taper mjølkprodusenten også når det kjem til innmarksbeite. Det er positivt med auka faktor for innmarksbeite, men når tilskotet til arealet blir kutta er ikkje dette ei satsing.

Omlegginga gjeld frå denne sommaren

Årets beitesesong er rett rundt hjørnet, og nokon har allereie sloppe dyra ut på beite. Dei omleggingane av beitetilskotet som regjeringa foreslår i årets jordbruksoppgjer, vil gjelde frå årets beitesesong. Det betyr at eit tilskot som bonden har rekna inn i drifta si, vil forsvinne på ein månads varsel, dersom regjeringa får gjennomslag for forslaget sitt. Nokon gardsbruk har tilgang på både innmark- og utmarksbeite, men langt ifrå alle, og dei fleste har allereie dimensjonert drifta si etter kor store areal dei har tilgjengeleg.

Regjeringa satsar på utmarksbeite. Det er positivt at det blir stimulert til å auka bruk av utmarksbeiteressursane. Utfordringa er at styrkinga kjem som følgje av at beitetilskotet blir avvikla for produsentar som ikkje har utmarksressursar. Denne omfordelinga gir ikkje satsing for nokon, men uføreseielege vilkår for mange.