Det streka  Bondelagsleiar Nils T. Bjørke under då han saman med advokat Sissel Fykse i Norges Bondelag møtte Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning om nettopp lov om motorferdsel i utmark.

Utgangspunktet for møtet var brevet til Miljøverndepartementet der Bondelaget peika på at med dei krava jordbruksnæringa møter til rasjonalsering og effektivitet, er det naudsynt at næringa får utvikla seg og ta i bruk nye hjelpemiddel.

Tolkar loven for strengt

Hovudregelen er at det er ulovleg med motorferdsel i utmark. Motorferdsellova opnar likevel for naudsynt transport i jordbruksnæring, og det her styresmaktene tolkar motorferdselslova for strengt, meinte Bondelaget.

Det er Suldal kommune som har kontakta Norges Bondelag og reist spørsmålet om det er naudsynt å søkja løyve frå kommunen for å kunna henta sauer frå utmarksbeite med helikopter.

Bondelaget viste også til at mange i landbruket har ATV og at dette er eit hjelpemiddel som bør kunna nyttast i utmarka. - Me ønskjer ikkje at det skal vera fritt fram for motorferdsel i utmarka. Det er likevel viktig at styresmaktene aksepterer at lovgjevar har gjort eit unntak for nyttekøyring i landbruket og at dette m.a. opnar for køyring med ATV til dette føremålet, understreka Bondelaget.

Dyrevelferd

I brevet til Miljøverndepartementet, peika Bondelaget på at det i enkelte situasjonar kan vere naudsynt å henta sauer ned frå fjellet med helikopter, til dømes dyr som er skadde eller det har kome mykje snø. - Vidare kan det til dømes vere teneleg i samband med ettersanking, å flyga over større område og eventuelt ta med seg sauer eller setja av folk for at desse skal ta med dyra ned frå fjellet. I slike høve, er det uråd å søkja om konkret landingsstad på førehand, skreiv Bondelaget.

Praktiske løysingar

- Vi er opptekne av praktiske løysingar som let seg gjennomføra, seier Bondelagsleiar Nils T. Bjørke.

Les og: