Stor interesse for norsk modell i Canada
Det var stor interesse for den norske landbruksmodellen då bondelaget i Quebec arrangerte konferanse.
Konferansen finn stad annankvart år. Temaet i år la vekt på korleis ein kan brødfø ei aukande folkemengde i verda. Robert Carlson frå amerikanske National Farmers Union og president i World Farmers Organisation, presenterte den amerikanske landbrukspolitikken, og generalsekretæren for det franske bondelaget, FNSEA, la fram franske bønders syn på reforma av EUs landbrukspolitikk.
Seniorrådgjevar Hildegunn Gjengedal (bildet) frå Norges Bondelag presenterte den norske landbrukspolitikken, og la spesielt vekt på marknadsregulering, årlege forhandlingar og spesialtilpassa støtte. Ho framheva også behovet for å ha importvern som gir politisk handlingsrom til å gjennomføre politikken. Norges Bondelag har i mange år samarbeidd tett med det kanadiske bondelaget for å hindre store kutt i importvernet gjennom WTO-forhandlingane. Samarbeidet har mellom anna resultert i eit felles opprop med bondelag fleire andre land om retten til å produsere mat til eige folk, kalla Call for Coherence.
Fleire av dei kanadiske bøndene ville vite korleis det norske systemet fungerte, og korleis vi jobba for å oppretthalde importvernet. Nokre lurte også på om forhandlingsretten var grunnlovsfesta, og korleis vi oppnår så sterk støtte i folket til å behalde landbrukspolitikken.
Canada har også marknadsregulering for mjølk, egg og fjørfé. Dei kjempar hardt i WTO for å unngå ei svekking av tollvernet som ville øydelegge moglegheitene for å behalde denne modellen. På den andre sida har Canada store eksportinteresser for svin. Denne todelinga er ei utfordring i Kanadas internasjonale handelspolitikk, noko som også kom fram under konferansen.
Det var òg stor interesse for kvinner si stilling i landbruket.
- Korleis har de klart å få så mange kvinner inn i styret, ville kvinnene i salen vite, og ville gjerne kome til Noreg for å lære.
- Kontaktperson i Norges Bondelag: Hildegunn Gjengedal.
- Bondelagets temasider internasjonalt arbeid.