Torsdag ettermiddag var den viktige innleiande fasen av jordbruksforhandlingane, der partane går igjennom krav- og tilbodsdokumentet og avklarar posisjonar og prioriteringar, ferdig. Fredag klokka 18.00 gjekk jordbruket og staten til nytt forhandligsmøte, etter å ha hatt dagen til å gjere opp status og ta stilling til løpet vidare. 

Stor avstand i viktige spørsmål

Det er stor avstand mellom partane på fleire viktige spørsmål som storleiken på ramma, inntektsmoglegheiter, driftsvansketilskot og marknadsbalansering. Det gir eit vanskeleg utgangspunkt for løpet vidare. 

Jordbrukets forhandlingsutval som består av representantar frå Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, varsla på måndag at dei ville gå i forhandlingar med staten. Møta mellom partane starta tysdag 8. mai. Jordbruksforhandlingane skal vere avslutta seinast onsdag 16. mai.