- Eg orsakar at dette for ei lita tid vil gå utover 3. person, men vi må markere vår frustrasjon over manglande politisk vilje til å sikre den viktige matprodusenten ei anstendig inntekt.  Nok er nok, seier ein tydeleg frustrert fylkesleiar Per Hilleren som stengjer Utvikfjellet saman med bønder frå Breim og Vikane.

Stortinget har bede bøndene om å produsere meir mat.   Vi utfører gjerne den viktige samfunnsoppgåva, men det må løne seg å produsere mat. Regjeringa sviktar sine eigne ambisjonar i den nyleg vedtekne stortingsmeldinga om mat og landbruk, som seier at matproduksjonen i Norge skal auke 20 prosent dei kommande 20 åra. Tilbodet i forhandlingane legg i staden eit grunnlag for ein redusert matproduksjon i Norge.

Vi kan ikkje ta ansvar for ei jordbruksavtale som:

  • Ikkje gjev inntektsmoglegheiter som andre grupper – bøndene si inntekt ligg i snitt 180 000 kr lågare enn det andre grupper får.
  • Ikkje legg grunnlaget for ein auka matproduksjon, slik Stortinget har vedteke.
  • Ikkje er eit svar på landbruket sine rekrutteringsutfordringar.
  • Ikkje gjev inntekt for å kunne investere for framtida.
  • Ikkje gjev ein økonomi som gjev grunnlag for eit landbruk i heile landet

Vi som er bønder og matprodusentar har ikkje tru på at inntekt nokon gong skal vere den viktigaste drivkrafta for å bli bonde.  Det må berre IKKJE vere den viktigaste grunnen til å ikkje bli bonde.